Forteljingar

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Min ven la meg deg fortelja

Ei forteljing om hovmod og fall

Eit misoppfatta bilete på verda

Der alt skal målast i tal


Men hugs du min ven at forteljinga

Blir skrive kvart steg som me går

Boka framleis står open

Fram til du endinga når


Me skriv alle våre eigne forteljingar

Der me sjølv er protagonist

Orda me skriv kan vera av godheit

Eller prega av sluheit og list


Ja, min ven, høyr meg deg fortelja

Ein gong vil du kjenna på sakn

Dine Icarosvinger blir brunne

Dei er deg ikkje lenger til gavn


Føydalsamfunnet du ønskjer

Det nærer til mismot og hat

Du plasserer deg sjølv på toppen

I ditt eventyrskalifat