Hovudet

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

    Hovudet
        Det er så fint, styrhuset
        Inntaket, opna for straumane
        Sanna røynda, kjenna att
        Legga nye te
        Leva opp
        Sjå etter
        Høyra til
        Finna Plass
        Metta ideal
        -et godt
        Få snusen i det viktigaste
        Kor er du?
        Elska kvar
        andre?
        Teikningen, formest, alltid
        Hækna er fienden; meir behag
        Kuinga av potensialet; løgna ein trudde
        Ørskedøsen som lullar, vogg og rull vetle
        Skuldtull, hevnsvevn, gysfnys, smerteterte
        Fluktrutetabellen, puggeplanen, lov eller ære
        Utviklingstrendar; hengemyr-aping
        Tapa ansikt; hittegodet
        Hvor hører du vel hjemme?
        Velsigningsjaget, bedeforberede, tjuvgje
        Halda hus og gard
        Suta for
        Leita fram riktig lei, håpefullt
        Gå tom og svak, blind, famlandes, men gå
        Finna sin veg mot kveldsrutinen og bøta på
        Forbi alle vonde stoder til det varme hi
        Krype inn og hauste
         Vakne


Forfattaren vel å vera anonym