Jesu! dine djupe Vunder

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Jesu! dine djupe Vunder
Og din Daude saar og strid
Huggar meg i alle Stunder,
I all Naud, som Hjartat lid.
Renn meg nokont Vondt i Hug,
Til di Pinsla ser eg bljug;
Det skal Syndehugen kjøva:
Dine Saar med Synd ei høva.

Um mitt Kjøt og Blod vil fagna
Seg med Synd og daarleg Lyst:
Braadt all Syndelyst maa tagna,
Naar eg ser ditt stungne Bryst.
Renner Satan inn paa meg,
Som min Skjold eg syner deg;
I ditt Blod han ser meg tvegen,
Og so røømer han or Vegen.

Og um Verdi vil meg daara,
Lokka ut paa villan Veg
Til den Lyst, som føder Taara:
Daa mitt Auga ser til deg,
Til den Pinsla tung og hard,
Som fyr meg du tolug bar:
Det mot Freisting skal meg liva
Og all syndug Lyst fordriva.

Ja mot Alt, som Hjartat røyner,
Er der Livd i Dauden din.
Naar mi Saal i deg seg løyner,
Liv og Læækjedom eg finn.
Under Krossen gror den Rot,
Som fyr all mi Naud giv Bot:
Du meg lagad Liv og Slæa[1]
Daa du gjekk i Daudens Fæla.

Ja, paa deg mi Tru er botnad,
Du min dyre Frelsarmann!
Ved din Daude Dauden brotnad,
So han meg ei drepa kann.
At eg eiger Lut i deg,
Det er Sigersvon fyr meg.
Ved din Daude er meg givet
Raad at standa upp til Livet.

Hev eg deg uti mitt Hjarta,
Du den djupe Livsens Brunn!
Lat det daa mot Gravi svarta:
Livet renn i Daudens Stund.
Ingen Fiend skader meg,
Naar eg løyner meg i deg.
Den, som med din Kross seg dekkjer,
Du til Livet atter vekkjer.

(Etter Joh. Heermann)

  1. På side 32 blir ordet retta til Sæla