Minne
Han vekte meg midt på natta.
Far min sa: -det er snart dag !
Me må skunda oss ned til vatnet,
- det er no fisken er i slag !
Vatnet låg mørkt og stille,
han sa eg fekk sjå etter vak,
- så held du god greie på sluken
og slenger han framfor eller bak
Det var sikkert eit underleg syn,
eg sette fast i busk og kratt
men den støe, gode far min forklarte
- det er no framleis natt
Etterkvart gjorde trening susen
eg kasta og fekk fleire napp.
Eg fekk læra meg tru og tålmod
etterkvart som dei fleste slapp
Å, lukke ! Å få eta varm og god aure,
snakk om framtid og fjerne mål.
Berre eg, far min og fisken
og eit bedageleg knitrande bål
Men snart fekk eg læra om lukka
at ho ikkje kunne bli, eller vara
Alt som var varmt, trygt og roleg
pakka saman og laut visst fara.
Han vekker meg midt på natta
eg står opp og kler meg i hast.
Eg står åleine nede ved vatnet
og prøver på nye kast
Slå på automatisk oppdatering av kommentarer