Nett no

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Nett no
går ei mor i ring i stova,
ein far er sendt ut på leit
-hoppar han frå ei bru ?
-kuttar ho djupare
enn nokon gong før,
greier det, forblør ?
Tunge steg med knirk i,
knuten i magen,
ho går, han går, og tida.

Nett no
finn nokon eit ungt livlaust
menneskebarn med
medisinflaska, sprøyta, kniven,
eller ein eldre herre,
eller ein ektemann for enden
av eit tau, og livet som er etter
kan aldri bli som før

Nett no
står det ein prest på ei trapp
i overskotoglykkelandet og skal
bringa bodskapen om at
ikkje alle ønsker eit liv her.
Mon kvifor ikkje ?

Nett no



Add your comment
Norske Dikt welcomes all comments. If you do not want to be anonymous, register or log in. It is free.