Salme paa Fridomsdagen
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkSom: Hvor salig er den lille Flok
Lat tona rein og høg og klaar
mot Himmelkvelv idag
ei Takk til Han, som allting raar,
fraa kvart eit Kyrkjelag;
han gav deim Motet, Trui sterk,
dei Menn, som stod paa Eidsvolls Verk,
og synte Leidi med si Hand
igjenom Brot og Brand.
Bøyg Hovud stillt daa, Noregs Menn; -
innunder Tuva frid
dei Gamle søv, men Aandi enn
ho manar oss til Strid;
det Folk, som Fedres Kjølfar gjekk,
sitt Sigersmerke alltid fekk;
og stend med Krossen det i Pakt.
so eig det tifald Magt.