Som den gylde Soli bryter

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Tone:Nu velan, vær friskt tilmode

Som den gylde Soli bryter
Klaar igjenom kolsvart Sky
Og ein Straum av Straalar flyter,
So at Natt og Myrker fly:
So min Jesus or si Grav
Og det djupe Daude-Hav
Stod med æra upp av Daude
Imot Paaskemorgon raude.

Takk, du gjæve Livsens Kjempa!
Takk, du store Sigersmann!
Daudens sterke Laas og Hempa
Deg ei inne stengja vann.
Takk fyr di, at upp du stod
Og min Daude under trod!
Ingi Tunga kann den Gleda
Med fullverdugt Lov utkveda.

Eg kan finna i mitt Hjarta,
At all Harm det døyver av,
Jagar alle Skyer svarta,
Naar eg tenkjer paa di Grav:
Naar eg minnest, kor du laa
Uti myrke Daude-Kraa,
Men stod upp med Kraft og æra:
Kann vææl større Gleda vera?

Ligg eg saar paa Synda-Vegje,
Ligg eg aud i Armods Rom,
Ligg eg pind paa Sottarlægje,
Ligg eg reint i Usseldom,
Ligg eg hatad, hædd og trengd
Og av Verdi undan slengd,
Skal eg Hus i Gravenn’ taka:
Livsvon er der enn tilbaka.

Alle Piler, som vardt skotne
Utav Satan, Synd og Daud’,
I di Grav dei liggja brotne,
So dei ei meg gjera Naud.
Der du grov deim ned og gav
Meg den trygge Trøystestav,
At eg til din Sigers æra
Palmor skal i Himlen bera.

Du til Livet skal meg vekkja,
Naar i Grav eg sig i Koll.
Lat so svarte Jord meg dekkja,
Beini morkna upp i Mold,
Eld og Alda glupa meg:
Naar eg døyr i Tru paa deg,
Skal i Livsens Hamn eg landa,
Du stod upp og eg skal standa.

Milde Jesu! giv meg Naade
Ved di gode Heilag And!
Styr min Gang i Lyst og Vaade,
Leid meg med di sterke Hand!
At eg ei skal stupa att
Uti Daude-Svelgen bratt,
Der du eingong ut meg rykte,
Daa du Dauden under trykte.

Takk fyr Ljos i Jolenattenn’!
Takk fyr ditt vælsignad Ord!
Takk fyr Laug i Livsens Vatten!
Takk fyr Naaden paa ditt Bord!
Takk fyr Daude, Saar og Slag!
Takk fyr din Upprisningsdag!
Takk fyr Himlen, som eg ventar:
Dit du eingong heim meg hentar.

(Etter Kingo)