Song til Telemark

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Du Telemark, du Telemark,
med Dalar, Lid og Fjell,
du Telemark, du Telemark,
der kvite Fossar fell . . . .
Eg lengtar tidt til Folket der,
som talar gamalt Maal,
dei synte det i Vaapn-ferd,
dei var av norrønt Staal!

Til, Telemark, til Telemark
fraa Staak og Røyk i By,
til Telemark, til Telemark,
daa vert eg plent som ny
- med Hjuringlokk fraa grøne Heid
og Pust av svale Vind,
med Elvarsus paa langan Leid
og Snjo paa kveldraud Tind!

Du Telemark, du Telemark,
du ligg mitt Hjarta nær.
Du Telemark, du Telemark,
ein Huldreheim du er;
der Norskdom varm i Hjarto brenn
i Daad, i Dikt og Draum,
der Myllarguten liver enn
i fager Toneflaum!

Du Telemark, du Telemark,
du hev ditt eige Lag.
Du Telemark, du Telemark,
Takk for ditt Fridomsdrag!
Du fostra gjæve Vinje-gut
vaar store Merkesmann.
Hans Aand var som den stolte Nut
i siste Solfallsbrand!

Du Telemark, du Telemark,
du er mi eigi Bygd.
Du Telemark, du Telemark,
du gjev mitt Hjarta Frygd!
Du Heim, der Far og Mor hev stridt,
Du er ein heilag Stad.
Du Telemark - so friskt og fritt -
du fær mitt beste Kvad!



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.