Forskjell mellom versjoner av «Kategori:Hans Anton Grønskag»

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk
Linje 1: Linje 1:
 
Dikt av [[Bruker:Hangroen|Hans Anton Grønskag]]
 
Dikt av [[Bruker:Hangroen|Hans Anton Grønskag]]
 
[[Kategori:Forfattere på 2000-tallet]]
 
[[Kategori:Forfattere]]
 
 
 
 
DET HJELPER Å GÅ!
 
DET HJELPER Å GÅ!
  

Revisjonen fra 16. sep. 2010 kl. 11:18

Dikt av Hans Anton Grønskag DET HJELPER Å GÅ!


Eg er ingen Dante Alighieri. Eg kan ikkje gripe handa til gamle Vergil og be om rettleiing og stød gjennom Dødsrike, dalen der alle skuggane held til. Eg kan berre lye til hass røyst når han seier, at den varmaste staden i Helvete er reservert for dei som held seg nøytral gjennom alle kriser. Eg kan ikkje vera viss på at den som ventar der framme i lyset er salege Beatrice, ho som skal leie meg siste råsa opp til Paradis.


Eg er ikkje Olav Åsteson som vaknar 13. dag jul, og er trugg blant vener, sette over kaffien, og kunne tala om ferda ned i våre avgrunnar og mørke krokar, som om det var ein real dagsmars, avmerka i vegboka som severdighet.

Kvart menneskje er eit landskap av redsle! Det går inga akse av ondskap som skil folk frå folk, land frå land. Eg lyer til ironien hos Jean-Paul Sartre: ”Helvete er dei andre!”

Nei, det går ein akse gjennom oss sjølve, som eit tungt og glødande sverd gjennom svelg og innvollar, eit sverd vi må bera med oss om vi så vil leva livet fleire gonger. Og enno ein gong høyrer eg Vergils røyst: ”Kvar av oss ber sitt eige Helvete!”

Likevel hører vi klangen. Som ei ørlita klokke, ei tingularia gjennom natta: ”Den som ikkje har sett mørkre, kan ikkje skile lyset frå skoddegrå morgondis. Den som ikkje har fare gjennom natta, kan ikkje høre ottesongen!”

Eg er ingen Dante Alighieri! Eg er ingen Olav Åsteson! Men dette sverdet dreg eg med meg! Skarpt og tungt! Og denne klokka skal eg lye etter, så lenge eg går!

Lat oss gå! Det hjelper å gå!

For heilt fram må vi alle! Om vi så kjører med airbag for å ta av for støyten, og har midtrabatt mellom oss og døden.