Forskjell mellom versjoner av «Kategori:Hans Anton Grønskag»

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk
m
Linje 17: Linje 17:
 
Eg er ikkje Olav Åsteson
 
Eg er ikkje Olav Åsteson
 
som vaknar 13. dag jul, og er trugg blant vener,
 
som vaknar 13. dag jul, og er trugg blant vener,
sette over kaffien, og kunne tala om ferda ned i våre avgrunnar og mørke krokar,
+
sette over kaffien, og kunne tala om ferda ned i våre avgrunnar og mørke botnar
 
som om det var ein real dagsmars, avmerka i vegboka
 
som om det var ein real dagsmars, avmerka i vegboka
 
som severdighet.
 
som severdighet.
  
Kvart menneskje er eit landskap av redsle!
+
Kvart menneskje er eit landskap av lys og  redsle.
 
Det går inga akse av ondskap som skil folk frå folk, land frå land.
 
Det går inga akse av ondskap som skil folk frå folk, land frå land.
 
Eg lyer til ironien hos Jean-Paul Sartre:
 
Eg lyer til ironien hos Jean-Paul Sartre:
”Helvete er dei andre!
+
”Helvete er dei andre.
  
Nei, det går ein akse gjennom oss sjølve,
 
Nei, det går ein akse gjennom oss sjølve,
Linje 31: Linje 31:
 
om vi så vil leva livet fleire gonger.
 
om vi så vil leva livet fleire gonger.
 
Og enno ein gong høyrer eg Vergils røyst:
 
Og enno ein gong høyrer eg Vergils røyst:
”Kvar av oss ber sitt eige Helvete!”
+
”Kvar av oss ber sitt eige Helvete.!”
  
Likevel hører vi klangen.
 
Likevel hører vi klangen.
Linje 38: Linje 38:
 
kan ikkje skile lyset frå skoddegrå morgondis.
 
kan ikkje skile lyset frå skoddegrå morgondis.
 
Den som ikkje har fare gjennom natta,
 
Den som ikkje har fare gjennom natta,
kan ikkje høre ottesongen!”  
+
kan ikkje høre ottesongen.”  
  
Eg er ingen Dante Alighieri!
+
Eg går mine eigne bakkar,
Eg er ingen Olav Åsteson!
+
men dette sverdet dreg eg med meg.
Men dette sverdet dreg eg med meg!
+
Skarpt og tungt.
Skarpt og tungt!
 
Og denne klokka skal eg lye etter,
 
Og denne klokka skal eg lye etter,
så lenge eg går!
+
så lenge eg går.
 +
 
 +
Lat oss gå.
 +
Det hjelper å gå.
  
Lat oss gå!
 
Det hjelper å gå!
 
For heilt fram må vi alle!
 
Om vi så kjører med airbag
 
for å ta av for støyten,
 
og har midtrabatt mellom oss og døden.
 
</dikt>
 
</dikt>

Revisjonen fra 26. okt. 2010 kl. 14:30

Dikt av Hans Anton Grønskag DET HJELPER Å GÅ!

Eg er ingen Dante Alighieri.
Eg kan ikkje gripe handa til gamle Vergil
og be om rettleiing og stød gjennom Dødsrike,
dalen der alle skuggane held til.
Eg kan berre lye til hass røyst når han seier, at den varmaste staden i Helvete
er reservert for dei som held seg nøytral
gjennom alle kriser.
Eg kan ikkje vera viss på at den som ventar der framme i lyset
er salege Beatrice,
ho som skal leie meg siste råsa opp til Paradis.

Eg er ikkje Olav Åsteson
som vaknar 13. dag jul, og er trugg blant vener,
sette over kaffien, og kunne tala om ferda ned i våre avgrunnar og mørke botnar
som om det var ein real dagsmars, avmerka i vegboka
som severdighet.

Kvart menneskje er eit landskap av lys og redsle.
Det går inga akse av ondskap som skil folk frå folk, land frå land.
Eg lyer til ironien hos Jean-Paul Sartre:
”Helvete er dei andre.”

Nei, det går ein akse gjennom oss sjølve,
som eit tungt og glødande sverd gjennom svelg og innvollar,
eit sverd vi må bera med oss
om vi så vil leva livet fleire gonger.
Og enno ein gong høyrer eg Vergils røyst:
”Kvar av oss ber sitt eige Helvete.!”

Likevel hører vi klangen.
Som ei ørlita klokke, ei tingularia gjennom natta:
”Den som ikkje har sett mørkre,