Håvamål 03 III

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

III.I

111

Tid er å tala
frå tule-stolen
attmed Urdarbrunnen.
Såg eg og tagde,
såg eg og tenkte,
lydde på manna mål.
Om runer dei tala
og om tyding dømde
attmed Håvahalli,
i Håvahalli
eg høyrde seia så:

112

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
ris ikkje om natt,
utan på njosn du er,
eller ut for deg sjølv du skal.

113

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
hjå trollkunnig kvende
kvile du aldri,
så ho i famn deg fær.

114

Ho det evlar
at du ikkje håttar
tings eller konungs krav.
Mat gjev deg mothug
og menns gaman,
du legg deg sorgfull te sova.

115

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
annan manns kone
aldri du skal
deg føre til frilleviv.

116

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
om på fjell eller fjord
å fara deg lyster,
hav niste med deg til nøyes.

117

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
eit illmenne du
aldri late
di vanheppe vita.
Av ille menn
aldri like
du vinn for godhug du viste.

118

Hovudet misse
ein mann eg såg
ved ord av ilt kvende.
Svikfull tunge
tok honom livet,
og ikkje for sann sak.

119

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
hev du ein ven
som vel du trur,
far då og finn han tidt;
for med ris gror til
og med høgt gras
ein veg der ingen vankar.

120

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
god mann finn deg
til gamans tale,
og mildskap deg lær med du lever.

121

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
med venen din
ver du aldri
den fyrste til lag å løyse.
Sorg et hjarta,
om ingen du hev
som du seia kan heile din hug.

122

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
ord skifte
aldri du skal
med ein uvitug ape.

123

Av ille menn aldri du fær
løn for godt du dei gjer.
Men god mann
mellom grannar gjer deg
vyrd med venskaps ord.

124

Samd er veskap
når seia ein kna
den andre all sin hug.
Vinglut vera
er verst av alt,
all-rosar er ikkje ven.

125

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
aldri tri stridsord
du skifte med illmenne;
gjæving tidt gjev seg
der låking tek liv.

126

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
gjer ikkje sko
eller skaft åt andre;
ver glad du greier deg sjølv.
Om skoen vart stygg
eller skaftet vart rangt,
då er ulukka ute.

127

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
merkar du vondt,
vondt du det kalle,
gjev ikkje din fiende fred.

128

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
over det som er ilt
aldri deg gled,
men lat vondt til godt vendast.

129

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
stend du i strid,
sjå då kje opp
- som galtar kvekk
karar då tidt -
for at fjetring ikkje deg fange.

130

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
vil du gjævt kvende
få i gamans tale,
og fagnad av ho få,
fagert du love,
og fast det stande;
velfengd er god gåve.

131

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
var du vere
men var med måte,
v rast ver med øl.

132.

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
til håd og lått
hav du aldri
gjest eller gangande mann.

133

Ofte veit dei
som inne sit
lite kva folk som kan fara.
D'er ingen så god
at gall han vantar,
eller så arm at til inkje han duger.

134.

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
med gråhærd tul
gantast du aldri;
d'er ofte godt som dei gamle talar.
Tidt or skrukkut skinn
kjem skillege ord,
om kledi dei heng,
og hudskorne sleng,
og han studrar som ein stakkar.

135

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
gøy ikkje mot gjest
som hund ved grind,
tak imot trengande mann.

136

Det lyt sterke tappar
som skal svine døri
til opplating for alle;
men gjev din skilling,
at ikkje skade
vert ynskt deg på liv og lem.

137

Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
råd du take,
nyttig om du nem,
god om du gaumar:
der øl du drikk,
søk avl av jordi,
for jord stend mot øl;
eld stend mot sotter,
eik mot hardt liv,
men aks øyder trollskap,
samliv i hall mot husstrid,
mot hat hjelper månen,
beite mot bitsott,
fast jord mot flaum.

III.II

138

Eg veit at eg hekk
på vindalt tre
netter heile nie,
med geir-odd såra
og gjeven Odin,
gjeven sjølv til meg sjølv
oppå det treet
som ingen veit
kvar det av rotom renn.

139

Ikkje braud dei bar meg,
og brygg ikkje;
ned eg nidstirde,
to opp runer,
ropande tok dei,
ned att der frå eg fall.

140

Nie tryllesongar fekk eg
av den fræge son til
Boltorn, far til Bestla;
og drikke eg fekk
av den dyre mjøden,
aust opp av Odrere.

141.

Då før eg te fremjast
og frod verte
og vekse og finne meg vel.
Ord meg av ord
ord avla,
verk meg av verk
verk avla.

142

Du runer finn teikna
og tydde stavar,
mykje store stavar,
mykje sterke stavar,
som fimbul-tul farga
og høge makter maksla
og Ragna-Ropt skar.

143

For æser Odin,
for alvar Dåin,
Dvalin for dvergar.
Allsvinn dei
for jotnar skar,
eg riste sjølv sume.

144

Veit du å riste dei?
veit du å råde dei?
veit du å farge dei?
veit du å freiste dei?
veit du til bøn dei?
veit du til bløt dei?
veit du å sende dei?
veit du å stogge dei?

145.

Betre enn ovbløt
ubedi er,
gåve krev gjeving att;
betre usendt
enn avstogga.
Så Tund det sette,
før tidi rann,
då opp han reis,
då att han kom.

III.III

146

Mine kvede ei kan
kongen si frue,
korkje mann eller møy.
Hjelp heiter eii,
og det hjelpe deg vil
mot saker og sorger
og suter alle.

147

Det andre eg kan,
ovgjævt for dei
som vil læking lære.
- - - - - - -

148

Det tridje kan eg,
om turvast skal
mot fiendar rame råder:
eggjar eg døyver
for uvener mine,
så det bit korkje våpen eller velor.

149

Det fjorde kan eg,
om folk meg vil
leggje band om lemer:
så eg galdrar
at gange eg kan,
fjetrone spring meg av fot
og av hendre hapt.

150

Det femte eg kan,
ser eg fiends pil skoti
fram gjennom her haste:
eg stoggar ho nok,
kor sterkt ho enn flyg,
så sant eg med syni når ho.

151

Det sjette eg kan,
skader meg einkvar
med runer på frisk rot skorne,
den som opp til argskap
eggje meg vil,
mein fær han meir enn eg.

152

Det sjuande kan eg,
om salen eg ser
loga om sovande sellar:
kor breitt det så brenn,
eg bergar halli,
den galder kan eg gala.

153

Det åttande kan eg,
som for alle mun vera
nytteleg å nemne:
om hat veks opp
mellom hovdingsøner,
det kan eg bøte brått.

154

Det niande kan eg,
når naud stend på,
å berge båten på hav.
Vinden eg då
på vågen stiller
og svæver sjøen all.

155

Det tiande kan eg,
om tuntroll eg ser
i lufti leike fram:
eg så det vender
at ville dei fer
heim utan hamar,
heim utan hugar.

156

Det ellevte kan eg,
når ut i strid
eg lang-vener skal leie:
under skjoldrand gjel eg,
då gjeng dei veldig
striden heile til,
striden heile frå,
heile dei heim att kjem.

157

Det tovte kan eg,
om i treet oppe
eg ser ein daud mann dingle:
så eg runer
rister og målar,
at han som der hekk
gjeng og med meg mæler.

158

Det trettande kan eg,
når tegnen unge
eg auser med vatn og vigjer:
ikkje han fell,
om i ufred han kjem,
den hausen ryk ikkje for hogg.

159

Det fjortande kan eg,
om for folk eg skal
gudane nemne ved namn:
alle æser
og alvar veit eg:
der stend meg ingen styving.

160

Det femtande kan eg,
som han kvad Tjodrøyre,
dvergen føre Dellings dør.
Han åsom gol avle,
alvom dugleik,
Rota-ty hugs i haus.

161

Det sekstande kan eg,
om hjå kloke møy
eg hugnad vil hava og gaman:
hugen eg kverver
på kvitarma viv
og snur hennar heile sinn.

162

Det syttande kan eg,
at seint frå meg gjeng
ei ung dåm-ven dros.
Lenge du skal,
Loddfåvne, visst
songane desse sakne.
Godt, om du gaumar,
nyttig, om du nem,
turvande, om du tek dei.

163

Det attande kan eg,
som ikkje eg seier
til møy eller manns kone,
- alt er best
som ein berre kan;
det er slutten på songen -,
utan einast til den
som i arm meg gøymer,
- eller om det mi syster er.

164

No er Håvamål kvedi
i Håvahalli
til magn for mannesøner,
til ugagn for jotunsøner;
heil den som kvad!
heil den som kan!
njote den som nam!
heile dei som høyrde.

Håvamål