Håvamål 03 III
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkIII.I
111
- Tid er å tala
- frå tule-stolen
- attmed Urdarbrunnen.
- Såg eg og tagde,
- såg eg og tenkte,
- lydde på manna mål.
- Om runer dei tala
- og om tyding dømde
- attmed Håvahalli,
- i Håvahalli
- eg høyrde seia så:
112
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- ris ikkje om natt,
- utan på njosn du er,
- eller ut for deg sjølv du skal.
113
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- hjå trollkunnig kvende
- kvile du aldri,
- så ho i famn deg fær.
114
- Ho det evlar
- at du ikkje håttar
- tings eller konungs krav.
- Mat gjev deg mothug
- og menns gaman,
- du legg deg sorgfull te sova.
115
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- annan manns kone
- aldri du skal
- deg føre til frilleviv.
116
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- om på fjell eller fjord
- å fara deg lyster,
- hav niste med deg til nøyes.
117
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- eit illmenne du
- aldri late
- di vanheppe vita.
- Av ille menn
- aldri like
- du vinn for godhug du viste.
118
- Hovudet misse
- ein mann eg såg
- ved ord av ilt kvende.
- Svikfull tunge
- tok honom livet,
- og ikkje for sann sak.
119
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- hev du ein ven
- som vel du trur,
- far då og finn han tidt;
- for med ris gror til
- og med høgt gras
- ein veg der ingen vankar.
120
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- god mann finn deg
- til gamans tale,
- og mildskap deg lær med du lever.
121
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- med venen din
- ver du aldri
- den fyrste til lag å løyse.
- Sorg et hjarta,
- om ingen du hev
- som du seia kan heile din hug.
122
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- ord skifte
- aldri du skal
- med ein uvitug ape.
123
- Av ille menn aldri du fær
- løn for godt du dei gjer.
- Men god mann
- mellom grannar gjer deg
- vyrd med venskaps ord.
124
- Samd er veskap
- når seia ein kna
- den andre all sin hug.
- Vinglut vera
- er verst av alt,
- all-rosar er ikkje ven.
125
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- aldri tri stridsord
- du skifte med illmenne;
- gjæving tidt gjev seg
- der låking tek liv.
126
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- gjer ikkje sko
- eller skaft åt andre;
- ver glad du greier deg sjølv.
- Om skoen vart stygg
- eller skaftet vart rangt,
- då er ulukka ute.
127
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- merkar du vondt,
- vondt du det kalle,
- gjev ikkje din fiende fred.
128
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- over det som er ilt
- aldri deg gled,
- men lat vondt til godt vendast.
129
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- stend du i strid,
- sjå då kje opp
- - som galtar kvekk
- karar då tidt -
- for at fjetring ikkje deg fange.
130
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- vil du gjævt kvende
- få i gamans tale,
- og fagnad av ho få,
- fagert du love,
- og fast det stande;
- velfengd er god gåve.
131
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- var du vere
- men var med måte,
- v rast ver med øl.
132.
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- til håd og lått
- hav du aldri
- gjest eller gangande mann.
133
- Ofte veit dei
- som inne sit
- lite kva folk som kan fara.
- D'er ingen så god
- at gall han vantar,
- eller så arm at til inkje han duger.
134.
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- med gråhærd tul
- gantast du aldri;
- d'er ofte godt som dei gamle talar.
- Tidt or skrukkut skinn
- kjem skillege ord,
- om kledi dei heng,
- og hudskorne sleng,
- og han studrar som ein stakkar.
135
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- gøy ikkje mot gjest
- som hund ved grind,
- tak imot trengande mann.
136
- Det lyt sterke tappar
- som skal svine døri
- til opplating for alle;
- men gjev din skilling,
- at ikkje skade
- vert ynskt deg på liv og lem.
137
- Eg råd gjev deg, Loddfåvne,
- råd du take,
- nyttig om du nem,
- god om du gaumar:
- der øl du drikk,
- søk avl av jordi,
- for jord stend mot øl;
- eld stend mot sotter,
- eik mot hardt liv,
- men aks øyder trollskap,
- samliv i hall mot husstrid,
- mot hat hjelper månen,
- beite mot bitsott,
- fast jord mot flaum.
III.II
138
- Eg veit at eg hekk
- på vindalt tre
- netter heile nie,
- med geir-odd såra
- og gjeven Odin,
- gjeven sjølv til meg sjølv
- oppå det treet
- som ingen veit
- kvar det av rotom renn.
139
- Ikkje braud dei bar meg,
- og brygg ikkje;
- ned eg nidstirde,
- to opp runer,
- ropande tok dei,
- ned att der frå eg fall.
140
- Nie tryllesongar fekk eg
- av den fræge son til
- Boltorn, far til Bestla;
- og drikke eg fekk
- av den dyre mjøden,
- aust opp av Odrere.
141.
- Då før eg te fremjast
- og frod verte
- og vekse og finne meg vel.
- Ord meg av ord
- ord avla,
- verk meg av verk
- verk avla.
142
- Du runer finn teikna
- og tydde stavar,
- mykje store stavar,
- mykje sterke stavar,
- som fimbul-tul farga
- og høge makter maksla
- og Ragna-Ropt skar.
143
- For æser Odin,
- for alvar Dåin,
- Dvalin for dvergar.
- Allsvinn dei
- for jotnar skar,
- eg riste sjølv sume.
144
- Veit du å riste dei?
- veit du å råde dei?
- veit du å farge dei?
- veit du å freiste dei?
- veit du til bøn dei?
- veit du til bløt dei?
- veit du å sende dei?
- veit du å stogge dei?
145.
- Betre enn ovbløt
- ubedi er,
- gåve krev gjeving att;
- betre usendt
- enn avstogga.
- Så Tund det sette,
- før tidi rann,
- då opp han reis,
- då att han kom.
III.III
146
- Mine kvede ei kan
- kongen si frue,
- korkje mann eller møy.
- Hjelp heiter eii,
- og det hjelpe deg vil
- mot saker og sorger
- og suter alle.
147
- Det andre eg kan,
- ovgjævt for dei
- som vil læking lære.
- - - - - - - -
148
- Det tridje kan eg,
- om turvast skal
- mot fiendar rame råder:
- eggjar eg døyver
- for uvener mine,
- så det bit korkje våpen eller velor.
149
- Det fjorde kan eg,
- om folk meg vil
- leggje band om lemer:
- så eg galdrar
- at gange eg kan,
- fjetrone spring meg av fot
- og av hendre hapt.
150
- Det femte eg kan,
- ser eg fiends pil skoti
- fram gjennom her haste:
- eg stoggar ho nok,
- kor sterkt ho enn flyg,
- så sant eg med syni når ho.
151
- Det sjette eg kan,
- skader meg einkvar
- med runer på frisk rot skorne,
- den som opp til argskap
- eggje meg vil,
- mein fær han meir enn eg.
152
- Det sjuande kan eg,
- om salen eg ser
- loga om sovande sellar:
- kor breitt det så brenn,
- eg bergar halli,
- den galder kan eg gala.
153
- Det åttande kan eg,
- som for alle mun vera
- nytteleg å nemne:
- om hat veks opp
- mellom hovdingsøner,
- det kan eg bøte brått.
154
- Det niande kan eg,
- når naud stend på,
- å berge båten på hav.
- Vinden eg då
- på vågen stiller
- og svæver sjøen all.
155
- Det tiande kan eg,
- om tuntroll eg ser
- i lufti leike fram:
- eg så det vender
- at ville dei fer
- heim utan hamar,
- heim utan hugar.
156
- Det ellevte kan eg,
- når ut i strid
- eg lang-vener skal leie:
- under skjoldrand gjel eg,
- då gjeng dei veldig
- striden heile til,
- striden heile frå,
- heile dei heim att kjem.
157
- Det tovte kan eg,
- om i treet oppe
- eg ser ein daud mann dingle:
- så eg runer
- rister og målar,
- at han som der hekk
- gjeng og med meg mæler.
158
- Det trettande kan eg,
- når tegnen unge
- eg auser med vatn og vigjer:
- ikkje han fell,
- om i ufred han kjem,
- den hausen ryk ikkje for hogg.
159
- Det fjortande kan eg,
- om for folk eg skal
- gudane nemne ved namn:
- alle æser
- og alvar veit eg:
- der stend meg ingen styving.
160
- Det femtande kan eg,
- som han kvad Tjodrøyre,
- dvergen føre Dellings dør.
- Han åsom gol avle,
- alvom dugleik,
- Rota-ty hugs i haus.
161
- Det sekstande kan eg,
- om hjå kloke møy
- eg hugnad vil hava og gaman:
- hugen eg kverver
- på kvitarma viv
- og snur hennar heile sinn.
162
- Det syttande kan eg,
- at seint frå meg gjeng
- ei ung dåm-ven dros.
- Lenge du skal,
- Loddfåvne, visst
- songane desse sakne.
- Godt, om du gaumar,
- nyttig, om du nem,
- turvande, om du tek dei.
163
- Det attande kan eg,
- som ikkje eg seier
- til møy eller manns kone,
- - alt er best
- som ein berre kan;
- det er slutten på songen -,
- utan einast til den
- som i arm meg gøymer,
- - eller om det mi syster er.
164
- No er Håvamål kvedi
- i Håvahalli
- til magn for mannesøner,
- til ugagn for jotunsøner;
- heil den som kvad!
- heil den som kan!
- njote den som nam!
- heile dei som høyrde.