Håvamål 02 II

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

II.I[rediger]

84[rediger]

På møyar-ord
er uvisst å lite
og på det som kvendi kved.
For på kvervande hjul
deira hjarto var skjapte,
brigd i brjost var lagd.

85[rediger]

[Aldri ein tru:]
Brestande boge,
brennande loge,
gapande ulv,
galande kråke,
rjotande svin,
rotlaust tre,
svellande våg,
sjodande kjel,

86[rediger]

Fljugande flein,
fallande båre,
ein-nætt is,
orm ringlagd,
brur-ord under breidsla,
brote sverd,
leikande bjørn
eller barnet til ein konge,

87[rediger]

Sjukan kalv,
sjølvråden træl,
volve som hugstel,
val nyleg felt.

88[rediger]

Tru ikkje åker,
som tidleg er sådd,
og ikkje som for snart.
For åkren råder vêr,
og for sonen vit;
det uvist med båe er.

89[rediger]

Broder-bane,
bortpå brauti møtt,
halvbrunni hus,
hesten spreke
- fåfengd er fole,
om fot brotnar -,
så trygg vere ingen
at han trur på dette.

90[rediger]

Så er dros i hugen,
ho som dulram leikar,
som ut skal øyk køyre
på isen håle
- tidig tvivetring,
tamd med måte -
eller i stormen stride
styrelaust beite,
eller som om halten på høgfjell
skulle hente reinen.

91[rediger]

No berrleg eg mæler,
for båe eg kjenner,
brgd hjå gutom òg bur.
Fagraste talen
hev falskaste meining,
og klokaste drosi vert dåra.

92[rediger]

Fint du tale
og fager gjeve,
vil gjerne ei gjente du vinne,
og venleik lova
hjå ljose møy;
han fær som kan fri.

93[rediger]

For elskhugen din
ingen mann skal
gjeva deg last og lyte.
Ofte klok mann fell,
der fåmingen stend,
for eit ovfagert andlet.

94[rediger]

Aldri du leggje
andre til last
det som mang ein mann hender.
Kor klok ein er,
han kan verte dåra
når kjærleik kjem og maktstel.

95[rediger]

Hugen veit berre
kva som bur hjarta nær,
sjølv fær ein kjenne det svid.
D'er hugsotti verste
for ein vitug mann,
når ikkje med noko han uner.

96[rediger]

Mang ei god møy,
det merke du kan,
sviksam er imot sveinar.
Eg røyne det fekk,
då den rådkloke drosi
eg freista løynsk å lokke.
Hardt meg hædde
den hugstore møyi,
og ikkje det vivet eg vann.

97[rediger]

Det eg røynde,
då i røyri eg sat
og drosi hugen drog.
Liv og lyst
var den ljuve møy meg,
endå eg aldri ho fekk.

98[rediger]

På bolsterkvile
Billings møy
eg solbjart fann i svevn.
Jarls vyrdnad
lite verd meg tottest,
skulle eg møyi misse.

99[rediger]

"Heller mot kveld
du kome, Odin,
om du vil med møyi mæle.
Ille det vart
om andre munde
slik skam få sjå."

100[rediger]

Attende eg gjekk
med elskhugs voner,
var reint frå samling og sans.
Trudde eg då
så tryggleg eige
heile hugen til møyi.

101[rediger]

Andre gongen
gjekk eg til ho,
då var vaktfolki vakne.
Me brennande ljos
og borne kyndlar
dei vettervegen meg viste.

102[rediger]

Ut mot morgon
att eg kom,
då var salsvakti sovna.
På lega, der før
den fagre sov,
låg no ei bikkje i band.

II.II[rediger]

103[rediger]

Vær gjæv imot gjest
og glad ver heime,
alltid vis og varsam;
minnug og målvis,
vil du mangklok heite;
ber gode gjetord fram.
Ein fåming me kallar
den som fått kan tala,
slikt er vesalmanns vit.

104[rediger]

Jotungubben eg fann,
er no attende komen,
der få ting eg teiande fekk.
Med mange ord
eg mykje til gagn
vann meg i Suttungs salar.

105[rediger]

Gunnlòd me gav
på gullstolen
drykk av den mæte mjød.
Vesal løn
let eg ho få.
Jo gav me trygt si tru,
ho gav me heile sin hug.

106[rediger]

Rata-tonni
rudde meg eg,
hardt grjot ho gnog.
Over og under
var jotunvegar,
då gjekk det på livet laust.

107[rediger]

Det vene eg vann
eg vel hev nøti,
lite den vise vantar,
di at no Odrere
upp er komen
midt i Midgards heim.

108[rediger]

Uvisst å vita
um eg endå var komen
or jotungarden ut,
um ikkje Gunnlåd,
det gode kvendet,
hadde vorti min sæle ven.

109[rediger]

Andre dåg
av gjekk rimtussar
te å spørja råd av Hår
i Halli til Hår;
etter Bolverk dei spurde,
um han var berga hjå gudom,
eller Suttung hadde slegi han ned.

110[rediger]

Ein eid då svor
Odin på ringen,
kven kan hans trygdemål tru?
Suttung han sveik
for skaldedrykken,
og Gunnlåd sårt han grøtte


Håvamål[rediger]