Ved Rasmus Steinsviks Baara
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkHan søv med Heiderskrans um Panna,
han stridde hugheilt for sitt Land,
ein Fagna-kar, det maa me sanna,
eit Hjarta, som for Norskdom brann!
Som Hovding i ei Dovnings-tid.
han volde at me, framyv' skrid.
Han søv med Lauv um kvite Panna,
me heisar Flagg i Sorg paa Stong,
dei trugne Andlitsdrag vil standa
som Maning for oss mang ein Gong . . .
Hans Aand med stille Vengjeslag
oss fylgjer mot vaar store Dag.
Slå på automatisk oppdatering av kommentarer