Redigerer Kategori:Hans Anton Grønskag
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkAdvarsel: Du er ikke logget inn. Redigeringen vil bli vist som gjort av "Anonym" i sidens historikk.
Redigeringen kan omgjøres. Sjekk sammenligningen under for å bekrefte at du vil gjøre dette, og lagre endringene for å fullføre omgjøringen.
Nåværende versjon | Din tekst | ||
Linje 5: | Linje 5: | ||
Se også [[:Kategori:Hangroen|Kategori:Hangroen]] | Se også [[:Kategori:Hangroen|Kategori:Hangroen]] | ||
+ | |||
+ | DET HJELPER Å GÅ! | ||
+ | |||
+ | <dikt> | ||
+ | Eg er ingen Dante Alighieri. | ||
+ | Eg kan ikkje gripe handa til gamle Vergil | ||
+ | og be om rettleiing og stød gjennom Dødsrike, | ||
+ | dalen der alle skuggane held til. | ||
+ | Eg kan berre lye til hass røyst når han seier, at den varmaste staden i Helvete | ||
+ | er reservert for dei som held seg nøytral | ||
+ | gjennom alle kriser. | ||
+ | Eg kan ikkje vera viss på at den som ventar der framme i lyset | ||
+ | er salege Beatrice, | ||
+ | ho som skal leie meg siste råsa opp til Paradis. | ||
+ | |||
+ | |||
+ | Eg er ikkje Olav Åsteson | ||
+ | som vaknar 13. dag jul, og er trugg blant vener, | ||
+ | sette over kaffien, og kunne tala om ferda ned i våre avgrunnar og mørke botnar | ||
+ | som om det var ein real dagsmars, avmerka i vegboka | ||
+ | som severdighet. | ||
+ | |||
+ | Kvart menneskje er eit landskap av lys og redsle. | ||
+ | Det går inga akse av ondskap som skil folk frå folk, land frå land. | ||
+ | Eg lyer til ironien hos Jean-Paul Sartre: | ||
+ | ”Helvete er dei andre.” | ||
+ | |||
+ | Nei, det går ein akse gjennom oss sjølve, | ||
+ | som eit tungt og glødande sverd gjennom svelg og innvollar, | ||
+ | eit sverd vi må bera med oss | ||
+ | om vi så vil leva livet fleire gonger. | ||
+ | Og enno ein gong høyrer eg Vergils røyst: | ||
+ | ”Kvar av oss ber sitt eige Helvete.!” | ||
+ | |||
+ | Likevel hører vi klangen. | ||
+ | Som ei ørlita klokke, ei tingularia gjennom natta: | ||
+ | ”Den som ikkje har sett mørkre, | ||
+ | kan ikkje skile lyset frå skoddegrå morgondis. | ||
+ | Den som ikkje har fare gjennom natta, | ||
+ | kan ikkje høre ottesongen.” | ||
+ | |||
+ | Eg går mine eigne bakkar, | ||
+ | men dette sverdet dreg eg med meg. | ||
+ | Skarpt og tungt. | ||
+ | Og denne klokka skal eg lye etter, | ||
+ | så lenge eg går. | ||
+ | |||
+ | Lat oss gå. | ||
+ | Det hjelper å gå. | ||
+ | |||
+ | |||
+ | </dikt> | ||
+ | |||
{{forfatter | {{forfatter |