Bryllup II
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkDer kor vegen ender ytts ved hav står linden.
I borken skar vi namna våre inn.
Heile livet skal vårt tre gi lauv til vinden,
og dei skal alltid danse, i vårt sinn.
Her i hjarte mitt bur du kvar dag og time.
Eg slapp deg inn den dagen eg vart var,
at du i meg har lagt ein vakker kime.
Eg kjenner kor ein kjærleikskraft du har.
Vi møttest, og vi spegla snart kvarandre,
i auge og i ord og hjarteslag,
og som tvillingsjeler vil vi vegen vandre,
i medgang og i motgang, dag for dag.
Vi ga vårt ja i dag. Vi ga ein heilag lovnad.
Vår song skal frydfullt tona i vår heim.
Ungar avla der, skal leva i vår fagnad.
Og danse liksom lindelauv på grein.
Slå på automatisk oppdatering av kommentarer