Kron skal ho ha, kvinnfolket!

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Ho sto rakrygga mot vind som ei fyrlykt-
Kvinnfolket.
Blåheldt på skautet og serken
mens augo flaut horisontvegen -
kvinnfolket.

Ho var kvinnfolket i verda,
som sto breiføttes på berga,
som hang i fiskhjellane,
som rodde båten,
som dreiv smør og brød ut tå magre jordflekkar,
og enno hadde mjølk til overs.

Ho var det
som fødde ungane
og alte dei opp
til gesvinte karar og kvinnfolk.

Sånn var kvinnfolket!

Ho var sånn at ho regjerte verda
utan brøl eller skryt,
berre gjorde det, som inkje.
Ho administrerte flatt og horisontalt,
med seg sjølv til steds over alt.

Ho berre gjekk frå barselsenga,
hengt over grytene,
fekk unna fjøset,
ha plass te ein innerst eller to,
vaska sjøklede,
sådde det som skulle i jorda,
kala, batt og spann
og hadde ei vevrenning som eit liv
gjennom farga mønster
etter seg,
og lite tå fortenesta.

Ho var sånn kystkvinnfolket.
Tøff og sterk som ein kamerat,
med harde nevar mot makt og overmakt,
og eit hjarte så stort
at det pumpa blod og næringsstoff ut
i kvar minste celle i ei bygd.
Tok tak med gutfjottane frå ho kunne gå
gjekk dei i møte som purung førsjunge
klar til å gå laus på skikkeleg livsverk med
båt, bruk, hus og gard,
og år etter år med barsel og ungar,
med stell for gamle og sjøfolk. (forts.)

Og så heldt ho basar , og såg ei vidare verd
gjennom foreininga.
Herre Gud, sånn var ho!
Og var ho ikkje meir?
Jau, far!
Ho va sjølve tryggheita.
Som blekkstilt hav.
Som blå himmel og varme klede,
og ein kropp det berre var ei lyst å ta i,
lett å føre i dans,
og god å elske med,
ein varme å komma inn til.

Var ho ikkje sånn, kvinnfolket?
Var ho ikkje ei dronning på skjæret?
Var ho ikkje som ei eventyrprinsesse når ho gjekk te alters?

Ho skulle hatt krone!
Var det ikkje vel at ho skulle hatt krone?
Var det ikkje vel, at ho skulle hatt klede som skein?

Men ho hadde ikkje alltid det,
kvinnfolket.
Ho hadde ikkje alltid det, nei.

På tide at ho får det da.
Kron dei opp alle saman!
Set krone på kvinnfolket!
Kron dei som ein hyllest
og ei renning bakover i kleinare tid!

Kron kvinnfolket
te stas og overlag!
Skal nokon kronast, da må det vera sånne!
Skal ikkje giftast bort ukrona,
sånne dotrer!

Kron skal ho ha
Kvinnfolket!

*

De som har levd en stund – sammen



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.