Bryllup II

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Der kor vegen ender ytts ved hav står linden.
I borken skar vi namna våre inn.
Heile livet skal vårt tre gi lauv til vinden,
og dei skal alltid danse, i vårt sinn.

Her i hjarte mitt bur du kvar dag og time.
Eg slapp deg inn den dagen eg vart var,
at du i meg har lagt ein vakker kime.
Eg kjenner kor ein kjærleikskraft du har.

Vi møttest, og vi spegla snart kvarandre,
i auge og i ord og hjarteslag,
og som tvillingsjeler vil vi vegen vandre,
i medgang og i motgang, dag for dag.

Vi ga vårt ja i dag. Vi ga ein heilag lovnad.
Vår song skal frydfullt tona i vår heim.
Ungar avla der, skal leva i vår fagnad.
Og danse liksom lindelauv på grein.



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.