Guds Kyrkja stend og stirer
Tone:Min Sjel nu lover Herren
Guds Kyrkja stend og stirer
Til Himmels upp, der Herren for;
Av Lengsla Augat tirer,
Ho ser og stundar paa hans Ord:
At han skal atter venda
Og henta heim si Brud,
Og hennar Trengsla enda,
Og føøra fram til Gud;
Der ho uti hans Sæla
Skal fagnast utan Trot
Og aldri turva fæla,
At dei skal skiljast aat.
Hald fram, Guds Folk! at fylgja
Din Frelsare med Syn og Sinn!
So skal han ei seg dylja:
So skal du sjaa i Himlen inn.
Høgt yver Skodde-Eimen
Du ser ei Lysing prud:
Der sit i Straaleheimen
Din Broder og din Gud.
Der styrer han si Kyrkja
Med Naadens Kongungstav:
Det kann væl Hjartat styrkja
Og turka Taara av.
Der sit i Dyrd og æra
Din Herre ved Guds høgre Hand:
Der skal ditt Hjarta vera,
Der er din Heim og Fedraland.
Dit skal di Lengsla standa,
Dit skal din Tanke traa,
So lenge du kann anda
Og Hjartat her kann slaa.
Daa tarv du inkje kjæra,
At her du einsleg gjeng:
Din Frelsar med vil vera.
Seg, um væl meir du treng?
So maa du inkje syrgja,
Um enn du strida skal ei Stund,
Og inkje sturen spyrja
Din Gud um Augnemid og Grunn.
Naar du vil tolug venta,
Til Alt er væl i Lag,
So skal han visst deg henta:
Tenk for ein Sigersdag!
Naar eingong du er vaknad
Der Soli evig lær,
Der inkje Sorg og Saknad
Og ingen Daude er!
- 01 Det Folk, som fyrr i Myrker sat
- 02 Gamleaaret seig i hav
- 03 Sjaa der Guds Lamb kjem gangande
- 04 Jesu! dine djupe Vunder
- 05 Den Paaske er væl ljos og blid
- 06 Som den gylde Soli bryter
- 07 Guds Kyrkja stend og stirer
- 08 Kom Heilag Ande! til oss ned
- 09 Den Id er Herren tekkjeleg
- 10 Upp alle ting, som Gud hev gjort
- 11 Vaar Gud han er so fast ei Borg
- 12 Jesu! din Samfund i Anden at smaka
- 13 Den Veg til Livet er so trong