Gamleaaret seig i hav

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Tone: Rind nu op i Jesu Navn

Gamleaaret seig i Hav,
Sidste Dag i Dauden bleiknad;
Men i Aust det atter kveiknad,
Nyfødd Sol stod upp av Grav.
Ljoset fram or Myrker stiger
Som paa fyrste Skapningsdag.
Sol og Dag er fødd til Siger,
Myrkret dømt til Nederlag.

Men kvart Aar, som sloknar ut,
Atter meg til Minnes kallar,
At min Dag til Kvelden hallar,
Og der kjem ei Natt til Slut,
Daa den Sol, som lyser Verdi,
Fyr mitt Auga svortnar av:
Gjeng i Myrker sidste Ferdi?
Elder er der Ljos i Grav?

Ja! um Nyaarsdagen rann
Yver Jord ein Morgonrode,
Som igjenom verste Vaade
Utan Skymring lysa kann:
Jesu Namn eit Nyaar vigde,
Som verd aldri gamalt att;
Det hev Ljos forutan Brigde,
Det hev Dag forutan Natt.

Det væælsignad Jesu Namn
Kjennest best i verste Røyni,
Leider gjenom villast Øydni
Lika inn i Himmel-Hamn.
Denne Sol i Grav ei glader,
Nei daa fær ho likast Lag:
Klaart ho lyser myrke Stader,
Daudenatt verd ljuvast Dag.

So ho skin fraa Jol til Jol
Med uminkad Glans og Rode;
For Guds Kjærleik og hans Naade
Ero Straalar i den Sol:
Or Guds Hjarta er ho runni,
Som hans Kjærleik evig varm,
Som hans Naade ubrigd funni,
Klaar som Augat utan Harm.

Verd so Vegen myrk og trong,
Jesu Namn kann Himlen klaara,
Saarast Sukk og heitast Taara
Løysa upp i Sigersong.
Skal eg under Krossen bløda,
Verd min Fot til Dauden trøytt:
Jesu Namn kvart Saar kann grøda,
Var so Hjartat sunderstøytt.

Vil du dette dyre Namn
Trugen i ditt Hjarta skriva,
Skal du aldri undan driva:
Det skal leida trygt din Stamn.
Or di Leid du ei skal villast,
Ber so Storm og Straum imot;
I det Namn all Storm skal stillast,
Og so verder Enden god.