Håvamål 01 I
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkI.I
1
- Augo du bruke
- før inn du gjeng,
- i kot og i kråom,
- i kot og i krokom.
- For d'er uvisst å vita
- kvar uvener sit
- føre din fot.
2
- Sæl den som gjev!
- Gjest er inn komen,
- kvar finn han sess åt seg?
- Brå vert den
- som på brandom skal sitja
- og føre ærend fram.
3
- Eld han tarv
- som inn er komen
- og om kne kulsar.
- Til mat og klede
- den mann hev trong
- som hev i fjell fari.
4
- Vatn og handduk
- han ventar å få,
- når til bords han vert beden.
- Syn godlaget fram,
- så greileg du kan,
- med ord og attbeding.
5
- Vit han tarv
- som vidt skal fara;
- d'er mangt heime høveleg.
- Til bisn han vert
- som veit for lite,
- når han sit med kloke folk saman.
6
- Av sin eigen klokskap
- kyte ingen,
- men ver håvar i hug.
- Når du gløgg og tagal
- i gardane sviv,
- du kjem ikkje brått i beit.
7
- Grannvar mann,
- til gjestebod komen,
- teier med andre talar.
- Lyder med øyro
- og med augo skodar,
- veltenkt og føre var.
8
- Sæl er den
- som seg mun vinne
- fagre ord av folk.
- Endå det er
- ymist med det
- du eig i annan manns barm.
9
- Sæl er den
- som sjølv mun eige
- livsens hugnad og heider.
- For ofte hev menn
- ille råder
- aust or barmen hjå andre.
10
- Betre byrdi
- du ber kje i bakken
- enn mannevit mykje.
- D'er betre enn gull
- i framand gard;
- vit er vesalmans trøyst.
11
- Betre byrdi
- du ber kje i bakken
- enn mannevit mykje.
- Med låkare niste
- du legg kje i veg
- enn ovdrykkje med øl.
12
- Inkje så godt
- som godt dei seier
- er øl for manne-ætt.
- Di meir du drikk,
- di mindre vit
- mun du i hausen hava.
13
- Gløymsle-hegren
- over gildet sit,
- han maktstel mange.
- I fjørene hans
- eg fjetra vart
- i garden hjå Gunnlåd.
14
- Øren vart eg
- og ovdrukken
- hjå den frode Fjalar.
- Best er gildet,
- gjeng du ut att
- heil i sinn og sans.
15
- Klok og tagal
- skal kongsson vera,
- frøkleg gange han fram.
- Gladvær og fjåg
- kvar gut skal svive
- til sin døyande dag.
16
- Ein stakkar tykkjest
- han støtt må leva,
- når han strid mun sky. Men alderdomen
- gjev ingen mann fred,
- om spjut honom sparde.
17
- Kopen glanar
- når til gilde han kjem,
- fumlar fåmen og mullar.
- Så snart han ein slurk
- av skjenken fær,
- då utan stans han sullar.
18
- Han eine veit,
- som vide reiser
- og om mellom folk hev fari,
- kor vel sin hug
- han held i taum,
- kvar som veit kva vit er.
19
- Spar ikkje mjøden,
- men med måte du drikk;
- sei det som tarvst eller tei!
- Ikkje nokon
- neise deg kan
- for du tidleg vil kvile om kveld.
20
- Ov-etar, om han
- ikkje seg sansar,
- et seg heilt i hel.
- Mang ein tull
- vert for magen sin
- til lått mellom kloke karar.
21
- Bølingen veit
- når frå beite han skal
- koma heim om kveld.
- Men ovnøyta, ho
- aldri veit
- å høve mage-mål.
22
- Vesal-mannen
- og meinkroken
- alltid lastar og ler.
- Ikkje han veit
- det han vita turvte:
- han sjølv hev last og lyte.
23
- Vitlaus mann
- vaker all natti
- tenkjer både opp og ut.
- Han er trøytt og mod
- når morgonen kjem,
- og alt er flokut som før.
24
- Vanklok mann
- trur vel om alle
- som hugblidt mun helse.
- Ikkje han ser
- at dei snaror legg han,
- når han sit med kloke saman.
25
- Vanklok mann
- trur vel om alle
- som hugblidt mun helse.
- Det ser han fyrst
- når til tings han kjem:
- av frendar eig han få.
26
- Vanklok mann
- veit alt, han trur,
- der mellom bergi han bur.
- Men når framandfolk
- honom finn,
- rådlaus røynest han då.
27
- Vanklok mann
- som vankar ute,
- det er tryggast han teier.
- At lite han veit,
- det varest ingen,
- utan for mykje han mæler.
28
- Frod den tykkjest
- som frega kan
- og sjølv etkvart seia.
- Ikkje nokon
- av løyner det
- som ut er ført mellom folk.
29
- Ovnøgdi mæler
- den som aldri teier,
- bort i hyr og heim.
- Ei radmælt tunge
- som låkt er tøymd
- ofte seg ugodt gjel.
30
- Til narr skal ingen
- ein annan hava,
- om på gjesting han gjeng.
- Ofte trur seg klok
- den inkje vert spurd,
- når trygt i ro han ruggar.
31
- Tykkjest gjest klok
- som tek til sprangs,
- når i gilde han gjest hev hædt.
- Han veit ikkje fullvel,
- den som flirer i laget,
- om han ikkje range folk råkar.
32
- Mange gode
- grannar du finn
- som alltid må antrast i gilde.
- Opphav gjerest
- til ævleg strid,
- når gjest er rang imot gjest.
33
- Ein dugleg åbit
- skal du eta jamleg,
- når du på gjesting vil gange.
- Då slepp du sitja
- svolten og kei,
- så du maktar lite å mæle.
I.II
34
- Omveg er jamt
- til utrygg ven,
- om midt i bygdi han bur.
- Men beinvegar gjeng
- til den gode venen,
- om han er langt av lei.
35
- Gange skal du,
- gjest ei vere
- alltid på einom stad.
- Ljuv vert lei
- som lenge sit
- kyrr på annans krakk.
36
- Eit lite bu
- er betre enn inkje,
- heime er kvar mann herre.
- Hev du geiter to
- og ein tausperra sal,
- då tarv du ikkje tigge.
37
- Eit lite bu
- er betre enn inkje,
- heime er kvar mann herre.
- Hjarta bløder
- når beda du skal
- om mat til kvart eit mål.
38
- Våpni sine
- skal mann på vollen
- ikkje gange eit fet ifrå.
- Uvisst er å vita
- når pùå vegom ute
- det spørjast kan etter spjut.
39
- Ingen så gjevmild
- og gjestmild eg fann,
- han tok ikkje gåvor og takka.
- Eller så gjev-sæl
- med godset sitt,
- han ei lika med løn du takka.
40
- Eigni di,
- som du avla deg hev,
- treng du kje spara for deg sjølv.
- Tidt til leie folk gjeng
- det til ljuve var tenkt,
- mångt verre gjeng enn ein vonar.
41
- Med våpen og klede
- skal vener gåvast,
- det vert på dei sjølve synt.
- Likt gjevande
- lengst er vener,
- om elles alt seg lagar.
42
- Venen sin
- skal ein vera ven
- og løne gåve med gåve.
- Til lått skal mann
- med lått svara
- og møte ljuging med lygn.
43
- Venen sin
- skal ein vera ven,
- honom og hans ven.
- Men med uvens ven
- venskap halde
- høver kje fagna folk.
44
- Veit du ein ven
- som vel du trur,
- og du hjå han fagnad vil få:
- gjev han heile din hug
- og gåva ei spar,
- far og finn han ofte.
45
- Veit du ein annan
- som ille du trur,
- og du fagnad vil likevel få:
- du fagert mæle,
- men falskt tenkje,
- og ljuging møte med lygn.
46
- Eit ord til om den
- som ille du trur
- og ikkje kan lit til leggje:
- le skal du med han
- og låst vera ven;
- lik vere gåve og løn.
47
- Ung var eg fordom,
- eg einsaman f¢r,
- vegvill då eg vart.
- Rik eg tottest
- når eg råka einkvar;
- mann er manns gaman.
48
- Milde, modige
- menn lever best,
- dei el seg sjeldan sut.
- For alt ottast
- udjerv dreng,
- gjerug gryler når han fær.
49
- Kledi mine
- kasta eg til
- tremenn to på voll.
- Kaute karar
- med kledi dei vart,
- neist vert naken mann.
50
- Turkar toll
- som i tunet stend,
- det hjelp' korkje bork eller bar.
- Så er kvar mann
- som kjærleik vantar,
- kvi skal han lenge leva!
51
- Heitar' enn eld
- brenn hjå ille vener
- fagnad i fem dagar.
- Men det sloknar
- når den sjette kjem,
- då all venskap versnar.
52
- Ikkje tarv gåvor
- så gilde vera,
- ein ofte fangar lov for lite.
- med ein liten braudleiv
- og læta i staupet
- eg fekk meg ein felage.
53
- Brand brenn av brand
- til brunnen han er,
- loge kveikjest av loge.
- Ved rødor ein mann
- med menn vert kjend,
- hen vert dott ved å dølja seg byrg.
54
- Grunne sjøar
- og grunne sandar,
- og d'er grunt i hugen hjå mange.
- Du ingen stad alle
- jamkloke finn;
- all stad er det båe slagi.
55
- Måteleg klok
- kvar mann vere;
- ovklok vere han ikkje.
- For sjeldan er hugnad
- i hjarta å finne
- hjå honom som ovklok er.
56
- Måteleg klok
- kvar mann vere;
- ovklok vere han ikkje.
- Lettast er livet
- å leva for den
- som vel noko veit.
57
- Måteleg klok
- kvar mann vere;
- ovklok vere han ikkje.
- Sin lagnad ingen
- øygne føreåt,
- då er han sælast i sinn.
I.III
58
- I otta du rise
- vil du rikdom taka,
- og vil du folk felle.
- Sjeldan liggjande ulv
- lammekjøt fær,
- eller sovande mann siger.
59
- I otta du rise
- hev du onnfolk få,
- og gange og garden din vitje.
- Mangt øyder mann
- som om morgonen søv;
- rask er halvveges rik.
60
- Mål på turrved
- og tekkjenever
- lyt mang-mannen vita;
- kor stor ein ved-kost
- som vara kan
- heile halve året.
61
- Tvegen og mett
- ride mannen til tings,
- om han og klent er kledd.
- Korkje brok eller skor
- skjemmer nokon,
- og heller ikkje hesten,
- om han er låk.
62
- Kurer og sturer,
- til sjøen komen,
- ørn ved utgamle hav.
- Slik er den mann
- mellom mange folk
- som eig frendar fåe.
63
- Frega og tala
- den frode skal,
- om vis han heite vil.
- Det ein veit,
- er utrygt hjå to;
- det tri veit om, det veit alle.
64
- Makti si må
- ein mann med vit
- hovsamt og høveleg bruke.
- Jamt han det finn
- når hjå frøkne han kjem,
- at ingen er aller best.
65
- Aktsam og gløgg
- ein alltid skal vera
- og varsam i venelag.
- Dei ordi som du
- til andre seier,
- fær tidt du trega sårt.
66
- Mykje for snart
- mangstad kom eg,
- sumstad kom eg for seint.
- Ål var drukki,
- ubrygt sumstad,
- sjeldan kjem lei til lags.
67
- Stundom til bords
- dei bedi meg hadde,
- om eg ikkje trong mat til måls;
- eller to kjøtlår hekk
- hjå den trugne venen,
- der eg eitt hadde eti.
68
- Eld på åren
- og sol på eng
- er best for mannsens born,
- helsa si
- å hava heil
- og lytelaust å leva.
69
- Endå ver kje vonlaus
- om hu veiknar, helsa;
- sume av søner fær sæle,
- sume av frendar,
- sume av fe-eign,
- sume av velgjort verk.
70
- Betre å leva
- enn livlaus vera,
- kvik fær alltid ku.
- Bål for rikmannen
- brenne eg såg,
- lik føre døri låg.
71
- Er du halt, kan du ride,
- handlaus gjæte,
- er du dauv, kan du duga i strid.
- Blind er betre
- enn brend å vera;
- daud mun ein lite duga.
72
- Son er kjærfengd,
- om seint komen,
- etter faren f¢r.
- Sjeldan bautasteinar
- nær brauti stend,
- utan frendar fekk dei reist.
73
- Av to i ein her
- er tunga hovuds bane.
- Fram or kvar ei kufte
- kan det krjupe ei hand.
74
- Den prisar natti
- som nista si trur,
- stutte er skips rær;
- hastig er haustnatti;
- på fem dagar er det
- så ymist med v?ret,
- og endå meir på ein månad.
75
- Aldri han trur det,
- som ikkje det veit,
- kor folk vert galne for gull.
- Ein er rik
- og ein annan fattig,
- legg det kje honom til last.
76
- Døyr fe;
- døyr frendar;
- døyr sjølv det same.
- Men ordet om deg
- aldri døyr
- vinn du eit gjetord gjævt.
77
- Døyr fe;
- døyr frendar;
- døyr sjølv det same.
- Eg veit eitt
- som aldri døyr,
- dom om daudan kvar.
78
- Eg såg fulle grindar
- hjå Fitjung-sønom,
- no ber dei sekk og stav.
- Rikdomen er
- som ein augneblink,
- du fær kje meir vinglut ven.
79
- Hjå fåvis mann,
- om han fe seg vinn
- og ynde og elsk hjå kvende,
- byrgskapen veks,
- men vitet hans ikkje,
- og ovmodet aukar drjugt.
80
- Sant det røynest
- som i runer er sagt,
- dei frå høgdi runne,
- som gudemakter gav
- og som stor-tul skar,
- trygt hev det han som kan teia.
81
- Om kveld skal du dagen rose,
- kona når ho brend er,
- gjenta når ho gift er,
- geiren når han røynd er,
- is når du over kjem,
- øl når det drukki er.
82
- I stilla skal du sjøen ro,
- skog i vind felle,
- med møy i mørker svalle;
- mange er dagsens augo.
- Skip skal fram skride,
- skjold skal live,
- sverd gjev kvasse hogg,
- kyssar gjev møyi.
83
- Ved elden øl du drikke,
- og på is du skride,
- merri mager kjøpe
- og mørke sverd,
- hest du heime feite,
- og hund på garden.