Hans Egede
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkTone: Vaar Gud, han er so fast ei Borg.
Du reiste Krossen høgt i Nord,
eit heilag Kall du kjende,
som Kvite Krist, med milde Ord,
du Ljos i Myrkret tende!
Du var i Trui sterk,
og difor stend ditt Verk,
med Kjærleik, djup og sann,
du Folkehjarto vann,
velsigna er ditt Minne!
Takk for din Daad, du norske Mann,
du tusund Vandskar møtte,
ditt gode Saad paa Ishavs-strand
daa stillt og fast seg røtte!
Syng um hans trugne Kav,
du store Grønlandshav . . . .
- Straal fagre Midnatts-sol!
Hans Namn upp-under Pol
som «Leidar-stjerna» blinkar!
Slå på automatisk oppdatering av kommentarer