Eg satt på dass i 30år

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

[rediger] Råvamål

1

Eg sat på dass i tredve år,
med karialgi og magesår.
Eg kjende noko bløtt i ræva,
då eg bøyde meg og skræva
sat eg jammen øvst på dungen.
Møkka ho låg tjukk rundt pungen.


2
Men dassen var for låg og trang,
og her ein dag så sa det pang.
Folk i nærleikenlåg avsvima,
det såg nett ut som Hiroshima.
Folket høyrde englesangen,
då dei kjende møkka-angen.

3
Eg rava ut av gammeldassen,
møkka rann så blaut av rassen.
Treive eg meg ein spade stor,
grov eit hål i moder jord.
Graset visna, trea datt,
møkka ned i holet skvatt.

4
Eg sat og dreit i regn og sno,
i mangel på eit utedo.
Mange gonger vart eg sliten,
av å grava hol i dritten.
Eg dreit og grov, og dreit og grov,
på myra fann dei mangt eit prov.

5
Eg sprang gjennom ur og lier,
driten flaug til båe sider.
Snubla over stein og stokk,
før eg datt og slog meg brokk.
Brokken stogga meg i flukta,
men driten fekk han ikkje tukta.

6
Mens eg låg og skreik og ropa,
kom ein kar borttil og kopa.
Då han fekk sjå møkkarenda,
vart han bleik og skalv på henda.
Typen rava før han datt,
driten rundt ikring han skvatt.

7
Til kommunen kom det klage,
på min produktive mage.
Folk var lei av møkk og slam,
gammal drit og lukt så ram.
Så ein dag besøk eg fekk,
då dei ville ta ein sjekk.

8
Heradstyret til meg kom,
og såg på min berømte vom.
Men då eg opna hovudslusa,
vart dei alle lett berusa.
Då eg sleppte første lørken,
small dei alle rett i dørken.

9
Renseverk vart kjøpt på spleis,
fordi eg berre sat og feis.
Heile renseverket rusta,
då eg ut av ræva pusta.
Atter inntok gassen lufta,
husa råtna ned på tufta.

10
Ned frå lufta stupa svalen,
røuken han låg tjukk i dalen.
Måsen slutta brått å fly,
landa mjukt i sprut av spy.
Gammalhingsten full av brunst,
steila i min møkkadunst.

11
Då eg på det meste skræva,
revna brått den heile ræva.
Ut i lag med møk og drit,
flaksa tarmar hit og dit.
Ja, då vart eg lett for bringa,
grisen brekte seg i binga.

12
Det vart slutt på alt mitt slit,
Møkk og råtten lukt og drit.
For då tarmane forsvann,
Var eg ingen livleg mann.
Midt i dungen vart eg gravlagt,
medan ukvemsord vart avsagt.

13
Ja eg var ein kar så stor,
fekk ein stein med mange ord.
"Her ligg han som dreit oss ut,
han med slik rassetrut.
Men han sprakk av diaré,
endelig har vi fått fred."

Bjørge Stavik © 1997

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt