Etterstev (Utvalgte dikt til skolebruk)

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Til lags aat alle kan ingen gjera;
det er no gamalt og vil so vera.
Eg tykkjer stødt, at det høver best
aa hjelpa den, som det trenger mest.

Og kor du bryggjar, og kor du kakar,
d'er alltid ein, som det ikkje smakar;
og naar den eine daa gjerer rop,
so ropar sidan den heile hop.

D'er mange nok, som vil domar vera
og læ aat alt, som dei andre gjera.
Og lyte finna dei rundt i kring,
og sjølve gjera dei ingen ting.
         --------------
D'er brotne kvister i alle skogar;
det henger mold under alle plogar;
paa alle leider det lyte finst,
og mykjet der, som ein ventar minst.

Men naar me høyra um gamle tider,
so hadde folket vel verre rider.
Men all den trældom, som no me sjaa,
so er det mildare no enn daa.

Og dermed vilja me endaa vona,
at lange tider maa mykjet sona,
at eingong sanning skal vinna lett,
at eingong folket skal faa sin rett.



Se også Etterstev slik det sto i Symra. (mye lenger)



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

Norsktoppen
IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt | gratis blogg | møt en partner