Fyrestev Olav Aukrust

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk


Hjartans djupaste lengsel brenn
i myrkret med' natt mun lide.
Men ljuvlegt er det når soli renn.
Då raknar so mang ei kvide.

Rædd gjenom natti eg Rimfakse reid,
og burte var stjernur bjarte.
Då rann det sol over helut heid,
då rivna natti den svarte.

Skinfakse reid eg, og jordi skein,
og alt som på jordi drøymde,
blomar og hjarto og klaka stein,
og gleda or augo fløymde.

Jordi sprengde sin drake-ham,
eg tykte ho skein forklåra
og sumde som skinande svane fram,
frigjord og sigerskåra.

Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt