Haralds-haugen

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Her ser eg Haralds
haug fyre augom;
lenge var eg lysta
aa lydast til honom.
Botna paa berget
berrsynt mun han standa
millom hump og hamar
paa Hauga-landet.

Visst er han vorden
vonom mindre:
grunnen er graven,
grassvorden riven;
aaker er upplagd
um allan haugen;
aksi glima globjart
paa gløymde gravi.

Her heve fagna-folk
faret or heimen;
her hev ein gild gut
gjenget til kvila.
Harald Haarfagre
høyrde du vel gjetet;
nok er i Norig
namn hans kunnigt.

Ikkje tarv han, tenkjer eg,
tavla paa gravi,
stein eller stopel
med store ord skriven.
Sjølv hev han sett seg
synlege minne,
dei som visst mun vara,
til verdi øydest.

Ringt var det riket,
som raada han skulde;
storo var det stiget,
daa styret han slepte.
So var skjett skifte
i skipnaden inne,
som i kolmyrke koven,
naar kola er tendra.

Etter kom or ætti hans
ervingar dyre,
dei som verde vaaro
verdi aa styra;
dugstore, daadstore,
dygderike sellar;
nok er i Norig
namn som klinga.

Lidne ero lange
ljose tider;
daa var daad og dygd
med Dovrelands gutom;
stod i blidom blome
blaaberg-landet;
heider og heppa
var i Haralds rike.

Lidne ero lange
laake tider;
Haralds-ætti øyddest,
og ilt var skiftet;
maattlaus, modlaus,
minnelaus vart lyden,
hædt og herja
var Haralds rike.

Endaa trur eg anden hans
yver oss mun sviva,
lydast um landet,
leita etter storverk.
Mykjet mun han fegnast,
naar manndom han finner,
naar som lands-lyden
likjest forfedrom.

Fram daa, frendar,
i fredlege kappstig!
Rette det, som rengt er,
reise det, som velt er;
byggje og bøte
med bot, dom duger;
gjere verk, som vara,
til verdi øydest.

av Ivar Aasen.