Kr. Torp Hansen

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Ver helsa, djerve Jute, fraa Slesviks dyre Jord
med syrgjeslørde Dybbøl, der blodraud Valmu gror,
du skyna Folkehugen her millom høge Fjell,
vaar Venskap hev du vunne, heilt til din siste Kveld.

Du skyna just det saare i Norske-bondens Barm,
di vart du ein av vaare og slo for Maalet varm.
Lat Illska mot deg fræsa lik Orm i solheit Lid,
det vert ein annan «Tone» i Norigs Mognings-tid!

Til Telemarkis Dalar du fór og sette Bu,
der Folket malmfullt talar og hev paa Norsken Tru,
du hjelpte deim i Striden mot Snobb og skynlaust Knot,
her galdt det Odelsretten for alt av heimleg Rot.

Vaar Vyrdnad, Sørejute, di Stoda ho er greid,
som Son av kuva Slesvik du styrde rette Leid,
du synte Eld i Strævet, ja, Dug og Hjartelag,
og difor mot deg vinkar i Takksemd Norigs Flag!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt