Kyrkjevaag

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Orknøyarne

No styrer me inn til den gamle stad
med dómen mot kveldraud sky,
so væn han ligg der ved soleglad
den heilage Magnus sin by!
Kor fagert eit øyland i «Vesterled»
dei gutar fraa fjordarne vann,
ja, daa stod det age av Norig med,
so snart som det lyfte si hand!

Eg gjeng her aaleine den ljose nott
- eg trør paa ein sogerik grunn -
og minne fraa forntidi vaknar braadt
og kviskrar med livande munn . . .
Bonde fraa Agder, det stend ditt verk
og straalar yv' daud og grav,
taarnet seg teiknar mot himlen sterkt
- synberrt fraa ville hav!

Songen stig fager mot kvelven idag,
klokkune timar i kor,
orga gjeng mildt og med drøymande drag
- veldig var dómen i Nord!
Magti skiplast og landgrensor med,
men forntidi gløymest 'kje lett,
frendarne vaare til seinaste led
dei minnest si mor og si ætt.

Røder so tidt um den gamle tid,
daa Haakon i viking fór,
kom ifraa vest fraa ein blodug strid
og slokna paa Orknøys jord;
fikta for Norig av hjartans grunn
som hovding og heilrend kar,
seig so inn i den siste blund
i Kyrkjevaag bispegard.

Sveipte sin konge i kvite lin,
sorgfulle, jarnklædde menn,
sette han framfor St. Magnus's skrin,
der kjerte-ljos stille brenn . . .
fylgde um vaaren sin herre paany
til heimlandet nord i hav,
alle Bjørgvins klokkur i sky
ringde kong Haakon i grav!

Helsing fraa Norig, du eldgamle stad,
fraa frendar, som vyrder ditt namn,
landet, der tindarne blaanar i rad,
og langskipi duva i hamn.
Olavs-dómen i Nidaros
skodar mot Orknøy enn:
dotter-kyrkja - den væne dros -
byggde dei norske menn!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt