Olav Rusti

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Kunstnar fin og adelsboren,
heilrend, stilfull i di Ferd,
kjenslevarm, i Pakt med Vaaren,
grip for Framstig enn til Sverd!
Glødd for gamle Sogeminne
- Norigs Stortid i si Bragd -
heisar, norsklynd innarst inne,
du det raude, gule Flagd!

Gull det var, du kring deg strøydde,
med di rauste, rike Hand,
og vaar Maalmark ei du snøydde,
vâk du saag mot Snorres land . . .
Hjartelag for heimleg Tunge
aatte du, og traust du stod.
Lyft di Fana, Bjørgvin unge,
heidra stolt ditt beste Blod!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt