Schleppegrell paa Stubben

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

3dje August 1814.

Ved Øystad Gard, ved Ingedal, litt vest for Fredrikshald,
det ligg i Aaret «Fjortan» ein Tropp, som snart er tald,
dei er for faae: ein mot sju, det truleg ille gjeng
den vesle Flokken «Telemark», som stend paa vinstre Veng!

Ja, mangmennt er dei Svenske her, men norske Riflor smell,
han modar sine Gutar upp, han Løitnant Schleppegrell,
daa sistpaa vert han heit og harm, i Syni morsk aa sjaa,
han ventar Hjelp, men ingi kjem - no just det røyner paa!

Uppaa ein Stubbe nære ved! - det ganga, som det vil,
dei skarpe Skot han ansar ei, men ropar Fienden til:
«Her stend eg, Løytnant Schleppegrell, sett fint i Klemba fast
av eigne Folk - ei Kula hit, som raakar godt og kvastl

Og Kulor peip kring Øyro hans - ein hoste faarleg «Leik»,
men Svensken fekk 'kje noko att for alt, dei skaut og keik;
den braae Løytnant stupte ei - det var for Dansken vel -
han greidde seg ved Ingedal, den «galne» Schleppegrell!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt