Sundagsro

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Frosten knakar
i Nòv og Vegg;
Soli gløser
og søv og legg
sitt Eldskin raudt yvi Snøen

Frostskodda heng
som svivande Bru
yvi Isar og Heid
i Upp og i Sud;
men fri ligg vinterstill Bøen.

Inne ho Gamlemor
brille-klok
ved Bordkanten uppe
les i si Bok
og tenkjer paa siste Ferdi.

Ved Omnen jønnraud
Ungdomen sìt
og steikjer Skivur
og knaskar og ét;
det er det beste i Verdi.

              *

«Kva er det som tyt og aldri tegjer

    i villan Heid?»

«Bekken han tyt og aldri tegjer

    paa langan Leid.»


«Kva er det som høgger heile Dagen

    og Flis ikkje fell?»

«Klokka ho tikkar heile Dagen

    og lange Kveld.»


«Stogo full av den graae Ull

    som ingin kann taka?"

«Røyken er denne lette Ull,

    som ingin kann maka.»


«Det kjennest paa mjuke Kattesnute

    baade varmt og kaldt;

d'er ikkje inne og ikkje ute,

    men tekt yvi alt?»


«Og ikkje inne og ikkje ute,

    baade varmt og kaldt,

det er i Glase den klaare Rute

    med Tak yvi alt.»


«Rundt som eit Egg og langande langt

    som ein Kyrkjeveg?»

«Garn-Nyste er baade rundt og langt,

    kann eg segja deg.»


«Fire heng og fire gjeng,

    naar Lauve det spretter;

tvo stend i sky; tvo finn Vegen til By,

    og ein diltar etter?»


«Kui med Jure paa fire gjeng,

    naar Lauve det spretter;

Horn stend i Sky; Augo ser imot By;

    men Rova sleng etter.»


«Brunt i Roti det lær til deg,

    men kvitt uppi Toppen;

under eit Aaklæd' det spelar seg,

    og gjer godt i Kroppen?»


«Ny-Øle æser og brunt seg dreg,

    med Skùmhatt paa Toppen;

i aaklæd-tekt Kjer so spelar det seg

    og gjer godt i Kroppen.»


«Um Vinteren veks eit underlegt Tre,

    men minkar um Vaaren;

Roti snur upp og Toppen ned,

    og smal er han skorin.»


«Jokulen er dette Vinter-Tre,

    som minkar um Vaaren;

han heng under Taket med Toppen ned,

    og smal er han skorin.»


«Vaar Herre fær det visst ikkje sjaa,

    men me ser det kvar Dag?»

«Sin Jamlike er det han ei fær sjaa,

    men som me ser kvar Dag.»


«Rotlaust veks det av lange Røtar.

    Um Dagen det skrid

paa tvo, men til Morgons paa fire Føtar,

    um Kvelden paa tri?»


«Mannen veks rotlaus av mange Røtar

    fraa Adam av.

Og fyrst han kryp; so gjeng han paa Føtar,

    men sist med Stav.»




Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt