Til «Dovre»"-gutarne fraa Minneapolis

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Velkomen til Norig - me ynskjer som best -
velkomen til «Porsblomens by»!
Di ferd gjenom landet, du broder fraa vest,
vil knyta oss saman paany.
Din tanke er stor, og me skynar han godt:
her samband skal verta «um inkje so braadt»;
natturi stend prydd til høgsumarfest
og helsar dykk alle som gjest.

Daa Norig, i trældom, slog ring um sitt flag,
og aalvora laag yver land,
daa hundradaars stengsla vart sliti ein dag,
og «Gamlemor» trong, ja, kvar mann,
daa synte dei frendar, som langt var ifraa,
at duken den raude med blaakrossen paa,
den vilde dei verja av hjarta og saal
som nordmenn - med sylv og med staal!

Eit «lukka paa ferdi» og takk for ditt verk,
ber helsing til Vesterheims strand:
enn Norrøna-ætti er vaki og sterk
og elskar sitt steinutte land.
Ja «Einig og tru, til Dovre fell!»
- dei gamle paa Eidsvoll sitt ord -
i broder-ring stend me, til Norigs held,
kvar nordmann paa heile vaar jord!

Daa songar-laget vitja Porsgrunn.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt