Skagen

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

SKAGEN

Vengeslaga i munnvikene
når du er sint.
Febertukter over stranda
der Anna Ancher rusla i pastell
og malte lufta om til duft.


Set oss og veit ein må halde stilt her.
Ei kyrkje.


Skagerraks lette røring
av flatlandet


Ein pallett med mange sorter smil.
Finn vel et smil for dette og.
Måsene finn balansen.
Stilt no.
Veg sine fjærlette venger.
Veg sine sorger.
Finn dei for lette.


Krøyers staffeli skjermar mot skylaget.
Ser det ikkje.
Legg Skagenslys over munnen.


Hei !
Kom hit!