Dreve i land
Skagen Gren 2.febr.1907.
Maleri Av forfatteren Holger Drachmann
DREVE I LAND
på Skagens Gren
gamle Holger
den urolig søkande penna
har du lagt frå deg
det er februar 1907
dine tankar uten band
kalles angst no
om eit år skal
dødens klåre lys
tære det ned
på di siste strand
men i dag skal du male
unge olding
farande svend
havet
og livets lys
stranda
og den kalde
kalde luft
det er 2. februar
din ungdoms maleskrin
staffeli og palett
din frakk og din stol
og du sjølv
som ein frekk ironi
i silhuett
til den nordiske
himmel
og lyset jagar
med frosne hender
i din klåre
blåkvite dag
driv med skyene
og dvel ved
fugleflukt
dvel ved
rakved på stranda
som du dvalde
ved draumen
om Edits sanger
som du dvalde
ved minne om
dine sanselege
lengsler
dødens og livets lys
dine fuglar
flyg enda over
Grenen
rakveden er
for lengst
tært ned
det er lyst
ved Skagens
strender
både livet
og døden