Val-song (1912)
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkOla Nordmann, iaar maa du røysta med oss,
me vil verna um Gruvor, um Skog og um Foss,
me vil Sol for dei mange, ikkje berre dei faa,
me vil verja vaart Land, som ein Smed passa paa!
Det var fælt, kor dei klaga for Vinstre sitt Verk,
det var Vantru og Ovmod, ja reint noko Herk,
men sjaa Norig er fritt, her er Framgang og Fart,
og det ryk utav Pipor, so Røyken stend svart . . .
Lat dei skræma med «Maulet», so mykje dei vil,
det er høvlegt og godt, høyrer Nordmannen til,
og me misser nok aldri ein Smitt av Kultur,
um me blæs millom Fjelli paa heimlege Lur!
Slå på automatisk oppdatering av kommentarer