1915 (Val-song)

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Danemaals-flokken tapa iaar,
huff, det var fælt, kor han tapa iaar,
Riksen i Norig fær djupe Saar,
ja ille det gaar,
naar «Maulfolket» raar!

Uranienborg-tanterne tapa iaar,
huff, det var fælt, kor dei tapa iaar,
Christiania-«koen» fær djupe Saar,
ja ille det gaar,
naar dei «raabarka» raar!

Brennevins-flokken tapa iaar,
huff, det var fælt, kor han tapa iaar,
«Kulturen» i Norig fær djupe Saar,
ja ille det gaar,
naar «Graaheren» raar!

Det norske Folket «dreiv Kua» iaar,
huff, det var fælt, «dreiv Kua» iaar,
«Taregampmaalet» Høgsætet naar,
ja ille det gaar,
naar «Fjøsfolket» raar!