Dei hatar -

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Dei hatar av inste Hjarta
det norrøne Tungeslag.
So er det i Byar og Grender
kringum i vaart Norig idag!

Dei likar 'kje norsk, dei «fine»,
nei, helst noko utanlandsk:
«engelsk for Bondemaule»,
men gildast av alt er dansk.

Eg vaagar, dei skal faa kjenna,
at enno er Ungdomen varm.
Bonden vaken paa Vakti
og kraftfull den norske Arm!

Lurblaast austan or Skogen,
fraa vest dei møter kvar Mann.
Agt deg for «Bondetrælom»,
du Snobb ifraa Karl Johan!



Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.