17. Mai-song

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Ver helsa, dyre Minnedag,
med Bod fraa Eidsvolls Salar,
no raudnar tusund frie Flag
kringum i Norigs Dalar;
i By, ved blaae Fjord
stig Lovsong øgt i Kor,
i Hjarta Lògen brenn
med Takk til hine Menn,
som fremja Fridoms-verket!

Du Land i Nord med Snjo paa Fjell,
som vænt i Nattsol drøymer,
med Talarost i vaarIjos Kveld,
mot deg vaar Kjærleik strøymer;
aa, gjev oss Kraft og Mod
te staa, som Feder stod,
med Truskaps Aand i Pakt
i Fred, paa Grensevakt,
ja, til vaart Norigs Æra!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt