Attreising!

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Eit høgfjellt land me fekk av vaare feder,
ein herleg heim, um enn han ligg i nord,
med solvarm sumar, jøkulkalde breder,
med ljose kveldar kring i dal, ved fjord.
Det trakka vart, det hadde tunge stunder,
det laag i trældom gjenom hundrad aar,
men folket vakna, vilde ei gaa under,
og att det tok sitt fridomsbrev ein vaar!

Det susar sagte i den norske skogen,
ein fjerrleg sus, men lell paa heime-maal,
og lenge maa me enno gaa bak plogen
og kjenne saknad, hava bie-tol.
Do uraad er det dane-tunga berga
i Norigs land, ho veiknar dag for dag,
og dei, som freistar henne enn aa verja,
del ser, tiltopps det glid vaart norske flag . . .

Ja, berre bi, han renn nok eingong dagen,
daa orga tonar for sitt fulle verk
og fyller domen nord i Trøndelagen
med fagre minne um ei forntid sterk.
Aany vert nordmenn vyrd, naar norsk dei talar,
vaart land skal likjest det, det fyrrmeir var,
daa fedramaalet klang i høge salar,
og flaget Norigs gamle fargar bar!



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt