Gud signe Norigs land

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Gud signe Norigs land,
kvar heim, hvar dal og strand,
kvar lund og lid.
han lat' det aldri døy,
Han verje bygd og øy,
han verje mann og møy
til ævleg tid.

Me fekk det høgt og fritt,
me fekk det vænt og vidt
med hav og fjell.
Det stend so trygt og godt,
det stend so reint og blaatt
rett som eit gudeslott
med solskins tjeld.

Stort arbeid ner er lagt
til landsens fred og makt
fraa tid til tid.
Det kosta tusund aar
i kav fraa vaar til vaar,
i strid so tung og saar,
fyrr me vart fri.

Her ligg dei grav i grav,
fraa heid og ned i hav,
som stridde so.
Gud sign kvar ærleg svein,
som søv der under stein,
Gud sign deim, kvar og ein,
der dei er no.

Men landet, dei hev rudt,
det vil me verja trutt
til siste stund.
Vaar elsk og beste akt,
vaart liv og all vaar makt
skal vera Norigs vakt
til siste stund.

I kjærleik varm og mild
me legg vaar vilje til,
daa veks det fram.
Daa fær det bløma blidt,
daa fær det spyrjast vidt
og alltid stranda fritt
for naud og skam.

Her stend det stort og blaatt,
vaart fagre heimlands slott,
med ting og taarn.
Og som det ervdest ned
alt fagrar' led for led,
det byggjast skal i fred
aat vaare born.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt