Norrøna-Maalet

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Eg stemnde mot Vest yver saltan Sjo,
der Langskipi duvande gjekk . . . .
- og Isafolds Tindar med Morgonglo
seg synte i Snjoglans fraa Dekk;
ho stiger so stolt den Fjellkona blaa,
der Federne rudde seg Bu,
ho eiger enno kvar ein Nordmann si Traa
og Iyser av Fridom og Tru!

Ja, minnest dei Frendar derute, i Hav,
der norrøn er Tunga og Sed -
me tynte vaart Maal, so det nær seig i Grav,
let Framandfolk skusla i Fred;
men Guten derburte paa Snorre si Øy
han ser, at det dagast i Sky,
for Norrønamaalet det kan inkje døy,
det sigrar i Noreg aany.