Blaamann

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

"Blaamann", "Blaamann", bukken min,
tenk paa vesle guten din!
Bjørnen med sin lodne feld
kan deg taka seint i kveld.

Gamle "Lykla", moder di,
seint kom heim med bjølla si,
so ikring seg ho mund' sjaa,
liksom der var faare paa.

Det saag ut, som der var naud,
kanskje no du ligger daud;
titt du dansa kringum meg!
Mangt eg rødde daa med deg.

Naar eg laag som blind og dauv,
grov du paa meg med di klauv.
Ja, du vilde vekkja meg
upp til leiken din med deg.

Du var spræk og glad og god,
all min ros du vel forstod;
titt du veit eg saa til deg:
"Han veit meir enn mata seg."

"Blaamann", "Blaamann", svar meg no,
mekra med din kjende ljod!
Ikkje enno, "Blaamann" min,
maa du døy fraa guten din.





Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt