Gamle Jon. 1814

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

8de Musketérkompani 1814

Mot Noregs Land og Fana tru,
te gje' sitt Liv parat,
var Musketér ved Kjølberg Bru,
daa tente han Soldat;
kor Kula gjenom Skogen kvein
den Sumarnatti long,
so Fuglen stokk og flaug fraa Grein,
han mintest mang-ein Gong.

Og naar du inn i Stova keik,
daa vart det Sol og Vaar,
han skratta høgt og var 'kje veik,
trass snart dei nitti Aar;
og truleg at kvar liten Gut
mot «Gamle Jon» var blid,
han leid daa for vaar Fridom Sut
- Soldat fraa siste Strid!

Trast fram-med Skogen, stutt ifraa,
der møtte fram paa Mo'n
fraa Telemork ei Lina blaa
- hans gamle Bataljon!
Og kvar den ljose Sumarkveld
han høyrde Trumma gjekk,
daa brann han stundom som ein Eld,
sin Ungdom att han fekk . . . .

Han saag ei Vakt ved Grensa staa
som vanta mesto alt,
men viljug gjekk mot Fienden paa,
kor mykje enn ho svalt;
eit ToImod stort, ein Offerhug,
ein Vilje hjaa kvar Mann
og kvasse Glimt av norrøn Dug,
ein Kjærleik, djup og sann!

Det var ein fager Jonsok-Kveld
med ang av Lauv og Blom,
daa klang eit Horn fraa Fjell til Fjell
- det var so kjend ein Ljom!
Den Gamle, stør i Lend og Legg,
um snart 'kje meire tess,
paa Krakken utmed Stovevegg
fann stillt sin vande Sess.

Det høyrdest Tonar daa og daa . . . .
og vart so tungt eit Trakk:
mot Stova gjekk «Rekrutten» paa
- det galdt aat Jon ei Takk!
Dei kom med faste Fotaslag
og Byrsa stødt i Arm,
for Jon det vart ein Fagna-Dag,
og Hjarta slog i Barm.

Men sjefen fram paa Lina rid,
han aalvorsam ser ut -
han minner um den tunge Tid,
daa Varden brann fraa Nut:
«Me møtte med ein svolten Her.
som slost forutan Kny,
eit Hurra aat den Gamle der,
han stod for Krut og Bly!»

Og trifeldt Hurra mot han lèt,
so Fjelli klaart gav Svar,
um gamle Jon just inkje gret,
so nær det let han var;
ei Taara blank i Augnekraa,
jaja - det er si Sak
for kvite Haar slik Vyrdnad faa
av Ungdom raust og rak.

Soli seig bak Skog i Vest
med siste gyllte Rand,
paa Moen var det Leik og Fest,
og Jonsok-Baali brann;
den unge Verja um vaart Flag
var full av Eld og Von,
og høgt det lèt i samla Lag:
«Hurra for gamle Jon!»

Dette Digt omhandler Veteran Jon Torkelsen Gjemsø, der deltog i Krigen 1814 og var med i den natlige Batalje ved Kjølberg Bro, hvor han fik sin Felthue gjennemskudt af en fiendtlig Kugle.

St. Hansaften 1880 udpaa Eftermiddagen red Chefen for Telemarkens Bataljon, Oberstløitnant Blichfeldt, i Spidsen for begge Rekrutkompanier ud til den Gamles Bopæl i Nærheden af Graatenmoen. Den Gamle havde tat Plads udenfor Huset i en Kubbestol. Oberstløitnanten holdt en anslaaende Tale, overleverede en Hædersgave fra Officerer og Underofficerer ved Bataljonen og udbragte for den brave Veteran et tre Gange tre Hurra, som istemtes kraftigt af Rekrutterne. Den Gamle var meget rørt over denne Begivenhed. Han døde Vaaren 1881 90½ Aar gammel.



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt