Troll-Dans

Fra Norske Dikt
Gå til: navigasjon, søk

Det klakkar i Berg og Bru
av Hov og av Heste-Sko;
det traavar um Stein og Stuv,
det trippar av Klauv og Klo;
og som naar Vindkast av Kamb
sèt Skodda i Flog og Flaum,
so yrer Trollstimen fram
i veltande Straum . . .

Det ringlar i rusta Laa,
det piper i To og Kluft,
det yler um Egg og Aas,
det plistrar i kalde Luft;
det kvin og skrik yvi Heid;
det er den Helvites Slaat,
som jagar den ville Skreid
i Dans gjenom Nott . . .

Og rundt i Vilske det gjeng
med Rop yvi Stokk og Stein;
det svingar med Svans; det sleng
med Hovar og Daudingbeing;
og gnellande Trollkjeringmaal
syng Visa til denne Vals
med Skratt og kaatgalne Skrall
or remjande Hals:

Det var Troll til Troll
i sitt harde Hold,
det var Troll til Klo,
ho Kloveberg-Gro;
ho trolla ein Gut,
ho trolla 'n Knut,
ho trolla Guten galin.
Og Knut'en vart sta
og vilde ho ha,
og sulla i Sveim
og drog henne heim;
og Resten — hi-hi!
til Presten — hi-hi!
Det lo i heile Dalen.

Men daa vart det Dans
daa ho fyrst var hans;
ho banna og beit,
ho slo og ho sleit,
og leika paa Voll
med sitt Kloveberg-Troll,
og baade det lo og lét.

Og Borni hans Knut,
deim sette ho ut
og gjødde deim vel
og stakk deim ihel,
og sette deim fram
med Drykk og med Dram
for Knut'en, som aat og grét.

Men leid ho vart til sist
av all den Tvang og Tvist;
det var kje Ro
for Rove-Gro,
um baade ho gol og grein.
Ho stengde Knut'en sin
i svarte Kjellar inn
og sette Eld
paa Vegg og Tjeld,
so høgt det til Himils skein.

Haa, haa, kor det brenn!
Sjaa kor Logen stend!

Her reider me Seng,
du Kloveberg-Dreng!
Her luktar det heitt,
her luktar det feitt,
her steikjer me Flesk til Joli.
Kom Haugkall or Hi',
her hev du meg fri;
kom Djevelbukk kaat
og leika paa Tròt;
kom Rise or Slott,
her fær du det godt
og varmt som Smør i Soli — — —
— — — — — — — — — — —
— — — — — — — — — — —

Veslemøy fæler. So stygg ein Song
aldri høyrde ho nokon Gong.
Men Trollskapen lær og dansar.
Flyg og floksar med Staak og Styr
som galne Dyr.
Djevlar i Lufti tullar og flyr
med Smell og svingande Svansar.

Nordljos sloknande skjelv og skin.
Vinden tyter, og Slaatten kvin
gjenom dei myrke Kluftir.

Kvin og yler med Skrik og Spott
villt gjenom Nott;
Trolldansen tumlar seg graatt-i-graatt
yvi dei nakne Tuftir.

                        *

. . . Nye Tonar vaknar og skjelv.
Syng som Sus av den svævde Elv
i drøymetunge Næter.
Døyvt det klunkar som Tussespél
i tronge Gìl;
brusar fram som susande El
og sturt og stusleg græter.
— — — — — — — — — —
— — — — — — — — — —

Fram dansar den Haugkall fager og blaa
med Gullring um Haare som fløymer;
han giljar for Veslemøy til og fraa,
og Tonar ikring honom strøymer.

    «Aa hildrande du!
    med meg skal du bu;

i Blaahaugen skal du din Sylvrokk snu.

Der skal du hullast av Laat og Leik
og fager i Dansen skride
og gløyme alt som saara og sveik,
og aldri lengte og lide.

    Kvart Ynskje du daa
    i Fagnad skal faa,

og Møyande mine deg tena maa.

Den eine reider ditt brune Haar,
den andre bind det i Knute;
den tridje Sylvkruna til deg naar;
den fjorde jamnar di Pute;

    den femte so linn
    deg Solane bind;

den sette veiftar ditt mjuke Kinn.

Den sjuande spelar den Lange-Leik
som Vinde i Skogane susar;
den aattande snur deg den søte Steik,
med' Øle i Staupe brusar;

    dei andre i Krans
    seg svingar i Dans

og hullar og lullar din Hug og Sans.

Den niande lint dei Lokkane kved
um Møyar og giljande Sveinar;
sjølv gjeng du Dronning i Dansen med,
i Glans av glimande Steinar.

    Og ingin som du
    seg fagert kann snu,

og ingin so lett traar den gyllte Bru.»

«Og lite meg lokkar den Haugen blaa
med Glans i glimande Salar;
min vene Guten eg her vil sjaa;
so song det for meg i Dalar.

    Aa Guten min du!
    paa deg vil eg tru,

med deg vil eg byggje og alltid bu!»

«Og vil du vìta den Guten blid,
so sjaa deg att yvi Herdi! —
Du ser han i Lofte med Gjenta si;
der gløymer han heile Verdi.

    So hev han det godt
    kvar langande Nott,

og Haugtussa hev han til Spe og Spott.»

Som Steinen stend ho i Grye kaldt,
og Hjarta stivnar og isnar;
no ser ho det vel; no hugsar ho alt,
og Verdi for Veslemøy visnar.

    Ho vender seg graa.
    «No kann du meg faa.

No kann eg gjerne i Haugen gaa.»

Høgt hoppar den Haugmann paa nakne Sva;
han maa vel sin Lagnad prise.
«Men no skal du gløyme og vera glad.
Fylg med, so skal eg deg vise

    min Herredom stor
    i Berg og i Jord

og Gumle den gamle med Visdomsord!»



Personlige verktøy
andre sjangre
sanger
Språk

Skriv ut
Utskriftsvennlig utgave

IPv6

Dikt og kultur:

forsiden | tilfeldig dikt | dikt på svensk | dikt på engelsk | bloggede dikt