Berre helvta.

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Det uendeleg gode med å møtast på halvvegen. Å sjå deg koma og samstundes sjå deg sjå meg koma. Og vite at du er like glad for det som eg. Det uendeleg gode med å eige berre halve stunda, og å unne deg andre helvta, av heile mitt hjarte. Måtte slike halve stunder vare heile livet.