Brukerdiskusjon:Hangroen

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Eg joiker diktet som kjem


eg skriv ikkje dikt om noko
diktet er der som røyk
frå veidemannens bål
i min barndom
for tusenvis av år sia
eller som svermar
av redde fuglar
å fange -
eg legg mi stemme mot
vegger av skodde og is
joikar skuggane eg må leva med
men alltid
svarar sjamanens runebomme
at dikta er som
himmelens stjerner
og vassdropane
i klodane sine hav
kvilelause
som vinden