EIN BÅT PÅ VEG INN

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Eg lyt stå opp.
Nok ei svevnlaus natt.
Den bråe junivarmen har gjort senga til eit sveitt lege.
Eg brygger meg ein kopp kaffi, den fyrste i dag.
Døra til terassen gjev frå seg eit lite sukk når eg opnar ho.
Eg tenner ein sigarett. Den fyrste i dag. Då ser eg han. Ute ved yste neset ser eg ein liten svart trekant
koma mot meg. Det er ein båt som er på veg inn fjorden.
Denne morgonen er so stille og vakker. Morgondisen ligg som eit gjennomsiktig slør utover alt. Den
einaste rørsla ein kan sjå er båten som held stø kurs. Innover.
Han er nærmare no. Det er ein av desse store cruisebåtane. Kjølen splintrar det bleggstille vatnet, og
lagar bølger som sakte søker landkjenning.
Eg tenner ein sigarett til. Den andre i dag. Båten glir forbi framom augene mine. Eg kan sjå alle lysa og
alle vindauga. Han ser stor ut.

Båten har passert. Midtfjords søker han vidare inn fjorden, til endestasjonen inst inne. Det er som å
ha vore vitne til eit livslaup.
I byrjinga, uklart og lite. I midten detaljert og tydeleg. Opplyst og verkeleg. Slutten ligg løynt, innerst i
fjorden.
Eg ser ned på sigaretten. Halvrøykt.
Eg er som sigaretten og båten. Halvveges og midtfjords.

Min endestasjon er utan retur.


av Jab (ris og ros)


Skriv noe positivt og fornuftig
Alle fornuftige kommentarer er varmt velkommne her på Norske Dikt. Dersom De ikke er hypp på å skrive anonymt kan De registrere Dem og/eller logge inn. Det er ekstra gratis.