Eg er din ven...
Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søkSå udryg tida er.
Eg har vore sorglaust barn.
Ungdomens stiglause berg
har eg klive
og smaka dei
mogne års honning.
Dagane har lyft meg opp
or svevnens brønn.
Rådvill har eg klynga meg
til noko som kunne stanse
timanes nådelause kom.
Men tida ler
og skriv sin visdom
i nettet av årer
på hendene mine
og i andletet mitt
og seier:
Eg er din ven.