Folkesongen

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Som blomen upp utor marki tyte,
som eple fram utpå kvisten skyte,
er folkesongen for mann og møy,
men folkevetter naar den mun døy.

Saa lat daa tonen fraa hjarta strøyme,
og lat oss kvea og lat oss drøyme!
Her er saa mykje som dreg oss ned,
det svarte rømer saa snegt me kve.

Men kom mæ visur av heimeslage,
og lat oss kvea paa gamle lage,
og lat oss kvea foruta bok!
Den notesongen han er saa klok!