Høg Gjest

Fra Norske Dikt
Hopp til navigeringHopp til søk

Fram rid Beingrind paa blakke Hest;
svart er hans Kaape sid;
Sigden ved Sida han vel hev fest,
vil no raste ei Rid.
Nikkar til Fanden med Breidflir blid

    gjennom Natti.


«Høh, høh,» haast han kremtar,
«kvatan Kveld i Lage!
Her eg helst vil vera;
gjæve! gjev meg Sæte.»

Fanden av Stol seg lyfter,
tek seg aat Panne-Reimi:
«Herre Bror min, velkomin til!
Sìt millom oss som heime.
Rettno byrjar me Dansen vill

    gjennom Natti!


«Høh høh,» hostar Dauden;
«all Tid eg deg elska.
Trøytt eg Træl maa fara
Verdi vid igjenom.

harm min Herre tena,
Róm aat Live rydja.
Aldri Løn eg aatte;
faafengt maa eg fikte;
alt eg av kann øyde,
verre veks det sidan.
Her min rette Herre
kjær eg atter kjenner;
her kann heil i Hugen
Daude- Dans eg treda.»

«Meir enn gjerne,» kved Fanden i,
«unner eg deg ein Leik;
tidt og ofte paa Ferdi di
Livsens Magtir du sveik;
sende meg snøgg so mang ei god Steik

    gjenom Natti.


Kvar Gong du høgg den unge Kvist,
kann eg min Bate finne;
saman med deg, det vonar eg visst,
skal eg vel ein Gong vinne.
No skal me danse forutan Tvist

    gjenom Natti!»